Vi som bur i Hjørundfjorden likar å verte omtala i positive ordelag.  Og særleg om andre gjer det.  Såleis er vi vel like nordmenn flest.

 

Då vi i månadsskiftet juni/juli kunne lese at dei to journalistane Knut Arne Aarset og Svein Aam frå Sunnmørsposten hadde tenkt å ta ei reportasjereise inn Hjørundfjorden med færingen ”Jakob Røv”, ja, då vart vi nok kort og godt litt krye.  Men kanskje vart vi også litt skeptiske.  Ville vi  verte omtalte som nokre særingar som ikkje kunne å ta imot turistar og ferierande? Det synte seg raskt at denne eventuelle frykta var grunnlaus.  Etter kvart som vi fastbuande fekk sjå og lese dei daglege fotoreportasjane frå fjorden, gledde vi oss – og svært mange av Sunnmørsposten sine andre lesarar - straks til neste reportasje.

m78_bCfADJdGhg14133648_35

Store Standal, med Kolåstinden i bakgrunnen.

 

Vi har sett at det har vorte ei gryande optimisme i Hjørundfjorden denne sommaren. Flesteparten av dei som arbeider med turisme har opplevd ein auke i talet på gjestar og fleire har våga å satse meir. Christian Gaard er eit godt eksempel på det.  Vi som arbeider med  bygdemobiliseringa i Hjørundfjorden skal slett ikkje ta æra for den auka satsinga, men vi ser at reportasjeturen til Sunnmørsposten kom på eit svært gunstig tidspunkt og var - og er - utan tvil med på å gjere fjorden  meir kjent.

m78_bcfadJDgHB14133643_35  m78_bcfadJdGHe14133646_35

Foto til venstre: Svein Stavset med storfangst frå kilenota.

Foto til høgre: Svein Stavset i sin hundre år gamle bjørkedalsfæring nedanfor garden Stavset

 

I ein samtale eg hadde med Knut Arne Aarset nyleg, kunne han fortelje at av dei reportasjane han har laga for Sunnmørsposten, har han aldri fått så mykje positiv omtale så for denne. Framleis er det folk som tek kontakt med han for å rose reportasjeturen. Det overraskar ikkje hjorundfjord.no.

 

Av reportasjane kunne lesarane straks slå fast at dei to journalistane hadde stor kunnskap om stoffet dei skreiv om.  I tillegg skreiv dei med ein varme som skapte ekstra interesse.  Kven kan gløyme reportasjen om Svein Stavset?  Mot det som tradisjonen tilseier, fekk dei fram gleda som osa av Svein når han  fekk dei flotte laksefangstane i nota si.  Vi fekk og sjå Hjørundfjorden frå Trandal sin synsstad – det brukar å vere omvendt .  Vi såg Terje Myklebust frå Tussa som svinga seg i det som må vere Noreg si mest kjende reie.  Vi såg og las om tursitar, vi såg ein ny og vakker hurtigbåt båt som hadde fått namnet Nordic Sky osb.

m78_bcfadjDgjj14133711_35  m78_BCfADjDGIh14133659_35

Foto til venstre:  Terje Myklebust frå Tussa Kraft testar øvre luftlag frå reia i storfurua på Christian Gaard på Trandal.

Foto til høgre:  Svein Aam i arbeid på solfin fjord

 

Underteikna har vore heldig å fått vore på Trandal fleire gonger denne sommaren.  For meg har Trandal kome nærare.  Og slik må det vere. Hjørundfjordingane må kome nærare kvarandre.  Vi må drage lasset i lag.  Sunnmørsposten var i sommar med på å få oss til å forstå dette.  For å seie det enkelt:  I sommar har vi forstått at Svein Stavset er ei viktig brikke i Hjørundfjorden

m78_BCFAdjDgjb14133703_35m78_bcfadJdhab14133713_35

Foto til venstre:  Skyssrutebåten "Nordic Sky" på retur ut Hjørundfjorden.

Foto til høgre:  Laksekotelettar i solnedgang i fjøra på Trandal

 

Så kan vi til slutt stille spørsmålet om Sunnmørsposten  meiner at Hjørundfjorden berre skal vere eit gammalt museum i all den dag dei stilte med ein gammal båttype – færing – med berre årar og ei gammal segltype – gaffelsegl.- som framkomstmiddel.  Ja, vi må nok finne oss i – og vere glade for -  at mange vil oppleve det tradisjonsrike når dei vitjar fjorden.  Men Svein Aam og Knut Arne Aarset frå Sunnmørsposten fekk  og gjort kjent for all verda at vi  må ha moderne kommunikasjonsutstyr og breiband i alle bygder rundt fjorden.  Dei to var avhengige av digitalt fotoutstyr,  berbare pc-ar og breiband/ADSL for å få sendt artiklane sine i rett tid til  Sunnmørsposten.

m78_bcfADJdhce14133736_35m78_bcfadJdHDf14133747_35

Foto til venstre:  Kveldsro for færing og folk ved ferjekaia på Skår.

Foto til høgre:  Færingen Jakob Røv under segl mot Viddal, på austsida av Hjørundfjorden.

 

Dei to kunne sikkert ha laga ein god reportasje t.d. frå Knut Arne Aarset sin heimfjord – Austefjorden.  Valet vart likevel Hjørundfjorden.  Takk for det.

m78_BcfaDJDHEe14133756_35  m78_bcFadJDHeG14133758_35

Foto til venstre:  Klyngetunet Finnes ved Bjørke, Sætrefossen bak.

Foto til høgre:  Jakob Røv mot Bjørke i kveldinga, fjellet Keipen bak Viddal i bakgrunnen.

Igjen vil hjorundfjord.no få rette stor takk til Sunnmørsposten v/Knut Arne Aarset for utlån av flotte foto.  Tekstane til bileta som er brukt, er tekster som Knut Arne sjølv har brukt i denne fotoserien.  Vil du sjå alle foto som er lagt ut på Sunnmørsposten sine sider, kan du trykke her.