Vi som bur i Hjørundfjorden likar å verte omtala i positive ordelag. Og særleg om andre gjer det. Såleis er vi vel like nordmenn flest.
Då vi i månadsskiftet juni/juli kunne lese at dei to journalistane Knut Arne Aarset og Svein Aam frå Sunnmørsposten hadde tenkt å ta ei reportasjereise inn Hjørundfjorden med færingen ”Jakob Røv”, ja, då vart vi nok kort og godt litt krye. Men kanskje vart vi også litt skeptiske. Ville vi verte omtalte som nokre særingar som ikkje kunne å ta imot turistar og ferierande? Det synte seg raskt at denne eventuelle frykta var grunnlaus. Etter kvart som vi fastbuande fekk sjå og lese dei daglege fotoreportasjane frå fjorden, gledde vi oss – og svært mange av Sunnmørsposten sine andre lesarar - straks til neste reportasje.
Store Standal, med Kolåstinden i bakgrunnen.
Vi har sett at det har vorte ei gryande optimisme i Hjørundfjorden denne sommaren. Flesteparten av dei som arbeider med turisme har opplevd ein auke i talet på gjestar og fleire har våga å satse meir. Christian Gaard er eit godt eksempel på det. Vi som arbeider med bygdemobiliseringa i Hjørundfjorden skal slett ikkje ta æra for den auka satsinga, men vi ser at reportasjeturen til Sunnmørsposten kom på eit svært gunstig tidspunkt og var - og er - utan tvil med på å gjere fjorden meir kjent.
Foto til venstre: Svein Stavset med storfangst frå kilenota.
Foto til høgre: Svein Stavset i sin hundre år gamle bjørkedalsfæring nedanfor garden Stavset
I ein samtale eg hadde med Knut Arne Aarset nyleg, kunne han fortelje at av dei reportasjane han har laga for Sunnmørsposten, har han aldri fått så mykje positiv omtale så for denne. Framleis er det folk som tek kontakt med han for å rose reportasjeturen. Det overraskar ikkje hjorundfjord.no.
Av reportasjane kunne lesarane straks slå fast at dei to journalistane hadde stor kunnskap om stoffet dei skreiv om. I tillegg skreiv dei med ein varme som skapte ekstra interesse. Kven kan gløyme reportasjen om Svein Stavset? Mot det som tradisjonen tilseier, fekk dei fram gleda som osa av Svein når han fekk dei flotte laksefangstane i nota si. Vi fekk og sjå Hjørundfjorden frå Trandal sin synsstad – det brukar å vere omvendt . Vi såg Terje Myklebust frå Tussa som svinga seg i det som må vere Noreg si mest kjende reie. Vi såg og las om tursitar, vi såg ein ny og vakker hurtigbåt båt som hadde fått namnet Nordic Sky osb.
Foto til venstre: Terje Myklebust frå Tussa Kraft testar øvre luftlag frå reia i storfurua på Christian Gaard på Trandal.
Foto til høgre: Svein Aam i arbeid på solfin fjord
Underteikna har vore heldig å fått vore på Trandal fleire gonger denne sommaren. For meg har Trandal kome nærare. Og slik må det vere. Hjørundfjordingane må kome nærare kvarandre. Vi må drage lasset i lag. Sunnmørsposten var i sommar med på å få oss til å forstå dette. For å seie det enkelt: I sommar har vi forstått at Svein Stavset er ei viktig brikke i Hjørundfjorden
Foto til venstre: Skyssrutebåten "Nordic Sky" på retur ut Hjørundfjorden.
Foto til høgre: Laksekotelettar i solnedgang i fjøra på Trandal
Så kan vi til slutt stille spørsmålet om Sunnmørsposten meiner at Hjørundfjorden berre skal vere eit gammalt museum i all den dag dei stilte med ein gammal båttype – færing – med berre årar og ei gammal segltype – gaffelsegl.- som framkomstmiddel. Ja, vi må nok finne oss i – og vere glade for - at mange vil oppleve det tradisjonsrike når dei vitjar fjorden. Men Svein Aam og Knut Arne Aarset frå Sunnmørsposten fekk og gjort kjent for all verda at vi må ha moderne kommunikasjonsutstyr og breiband i alle bygder rundt fjorden. Dei to var avhengige av digitalt fotoutstyr, berbare pc-ar og breiband/ADSL for å få sendt artiklane sine i rett tid til Sunnmørsposten.
Foto til venstre: Kveldsro for færing og folk ved ferjekaia på Skår.
Foto til høgre: Færingen Jakob Røv under segl mot Viddal, på austsida av Hjørundfjorden.
Dei to kunne sikkert ha laga ein god reportasje t.d. frå Knut Arne Aarset sin heimfjord – Austefjorden. Valet vart likevel Hjørundfjorden. Takk for det.
Foto til venstre: Klyngetunet Finnes ved Bjørke, Sætrefossen bak.
Foto til høgre: Jakob Røv mot Bjørke i kveldinga, fjellet Keipen bak Viddal i bakgrunnen.
Igjen vil hjorundfjord.no få rette stor takk til Sunnmørsposten v/Knut Arne Aarset for utlån av flotte foto. Tekstane til bileta som er brukt, er tekster som Knut Arne sjølv har brukt i denne fotoserien. Vil du sjå alle foto som er lagt ut på Sunnmørsposten sine sider, kan du trykke her.
Kommentarar
Men, Rune, eg er ueinig med deg.
Bygdemobiliseringa for Hjørundfjorden bør ikkje nytte ressursar for å få opp augene våre for at fjorden er unik. Den vakraste, villaste i Noreg!
Den som ikkje ser det, bør sjølv heve blikket.
Lat heller Hjørundfjorportalen/Bygdemobiliseringa
spissast inn mot aktivitet, tiltak, nytenking, "Grynderveksemd" m.m i heile fjorden.
Det er det Hjørundfjorden treng.
Dessutan freiste "mann og mann imellom" å legge jantelova død.
Det er lett å verte blasert av den fantastiske naturen som ein har i Hjørundfjorden og ein veit kanskje ikkje verdsette det før ein har kome seg litt vekk.
Det viktigaste bygdemobiliseringa kan gjere, er å vere med å skape positive haldningar, lyst til å bu og vere med på forme Hjørundfjorden som vi skal sjå i framtida.
Men mor avbrøt fars nølen og sagde st jeg måtte få blive med. Min fader bifaldt mig da endelig og jeg fik blive med. Klokken gik til 8.00 da vi blev færdige at rejse. Vår last var ved, kjød, smør m.m.
Det var stille om natten. Da vi kom udfor stranden begyndte jeg som sædvanlig at vilde dysses i søvn som alltid er saa tilbøjeligt på sjøen. O, hvor yndigt det var den nat. Skoven stod grøn af løvets sprækken ,blomstene begyndte atter at vågne fra sin lange søvn. Det var vårens fredshilsen. En glædes-strømopfyldte mit hjerte , og den blide sommer randt mig i tanker. Jeg huskede hvor lystigt det var forrige sommer , da vi kom sammen St. nat og lignende børnelege. Nå slumrede jeg. Jeg drømte at jeg var kommen til byen det var lige som byenslysten var forsvunden af vaaren glæde. Jeg vågnede og nu var ingen by at se. Jeg slumrede atter og ingen drøm besværede mig nu men hvem var det som hviskede i mit øre vågn op ? det var fader. Nu saa han byen og nu vilde han medæle det til mig. Men nu fik ikke søvnen mere overhånd men jeg blev stedse vågen lige til byen. Den var herlig at se til i frastand, men når jeg kom paa land, syndtes jeg ikke meget videre om den. Jeg kjøbte mig lidt slikkerie saa som Pebermynte og lignende, tillige en Katekismusbog. Jeg maa nu slutte min rejses fortellelse. Thi for glemselens slør har over- skyet tilbagerejsen.
B.K.Stennes i februar 1883.
Denne stilen ble funnet i et gammelt skrin fra Stennes i Norangsfjorden. BK var min bestefar. Han drev seinere Ola- garden på Skylstad og skinnhandel i Ålesund .
Sølvi Britt Skylstad