Fotball og sau

M/S Hjørundfjord kan brukast til så mongt. Både å frakte fotballspelarar og sauer.

 

M/S Hjørundjford kom i drift den 1.april. Då tok båten over etter M/S Rødhette. M/S Hjørundfjord viste seg snart å vere ein nyttig samfunnsbåt.

Båten har avtale med Ørsta kommune om viktige samfunnsoppdrag. Båten skal frakte skuleelevar, lege og helsepersonell. I tillegg er det arbeidsruta for einskilde, og han er svært viktig i reiselivssatsinga i Hjørundfjorden.

Til dømes er båten viktig for dei som vel frå tind til tare-konseptet. Sjølv om det er nedfart frå Skårasalen som er ruta, kan siste ferje ha gått frå Skår, og då er det M/S Hjørundjford som er berginga.

M/S Hjørundfjord tek på seg mest alle moglege oppdrag, om det er å frakte folk heim til Ålesund, Hareid eller andre stader etter kveldar på Hjørundfjorden sine utestader, eller om det er å frakte sauer heim frå Maradalen til Sæbøneset, eller fotballfolk heim frå Kvamsøya.

For folk på austsida av Hjørundjforden er båten heilt avgjerande. Ferjesambandet stengjer kl. 22.15, og etter det er M/S Hjørundfjord berginga. Skal folk nytte seg av kulturtilbodet i Ørsta/Volda er båten avgjerande.

Og ikkje minst med eit arbeidsliv som krev at folk er på arbeid til alle døgerets tider, er båten berginga.

hjorundjford.no er svært takknemlege for å ha eit slikt tilbod i fjorden. Ja, det er nærmast livsnerva. Oppmodinga frå hjorundfjord.no er følgjande: Bruk båten.

DSCN0930

Skipper Oddvar Olsen er klar til å ta i mot passasjerar på M/S Hjørundfjord.