09_h

Utan Håkon og Tor Eirik Trandal hadde det ikkje vore noko hjorundfjord.no

Hjørundfjorportalen vart starta etter eit initiativ frå Hjørundfjord Sogelag og Hjørundfjord kulturvernlag for om lag eit år sidan. Då bygdemobiliseringa vart ein realitet i februar, vart hjorundfjord.no ein del av mobiliseringa.

Sentrale i arbeidet med å utvikle portalen har heile tida vore brørne Håkon og Tor Eirik Trandal. Dei har sytt for den tekniske oppbygginga av sida, og inspirert andre til også å ta eit tak for internettsida.

I løpet av våren og forsommaren var talet på brukarar sakte stigande, men i løpet av sommaren small det. Ein skulle tru folk var interesserte i å vere utandørs i finveret, men mange sat nok framføre dataskjermen. Med eitt fekk vi i snitt over hundre unike brukarar per dag, og no ligg vi næ 150 brukarar i snitt per dag.

hjorundfjord.no har vorte ein møteplass for hjørundfjordingar, både dei som bur i fjorden og dei som bur andre stader i landet. Vi har jamvel hatt vitjingar frå utanlandske statsborgarar som vitjar sida etter at dei har feriert i fjorden.

Mange av nyhenda og artiklane har skapt engasjement, om det har vore soldatar i konkurranse over fjellet, sommarfuglar frå Syden eller skildringar av fjelltruar.

Vi har prøvd å få til eit breitt utval av stoff, og vi vil arbeide vidare med å utvikle sida. Der er de som er brukarar viktige, både med å kome med innspel, og med å medverke sjølve i å skrive nyhende og artiklar. Hjarteleg velkomen til vidare samarbeid.