Cg.j

 Christian Gaard by night

Sjølv om einaste vegen til Trandal er sjøvegen valde Frank og Torill Storeide å starte ein serveringsstad i den veglause bygda, fast bestemt på å lukkast med det til trass for skeptikarane sine kommentarar. Det har han også gjort… og i år kanskje meir enn tidlegare.

Web_
Gp's Duo spelar opp til dans 

Trandal har hatt ei av dei mest spennande utviklingane i turistsatsinga i Hjørundfjorden siste året med Christian Gaard og Trandal Fjordhytter. Frank Storeide har også gjort Christian Gaard til det beste dømet i fjorden på ei Hjørundfjordbedrift som torer å være innovativ, altså å skape noko nytt, og å tore å satse. Frank har satsa tungt på garden, og har i år mellom anna fått i stand ny og større småbåthamn, samt gjort at Trandal er staden folk pratar om. Vi kan godt seie at sommaren har vore særs vellukka for Christian Gaard, for det har vorte sagt over heile Sunnmøre: ”Det er på Trandal det skjer”.

Denne sommaren har Frank hatt med seg GP’s Duo beståande av Gunnar ”GP” Pedersen og Sigfrid Eiksund, og dei tre hadde ein visjon om å gjere Christian Gaard til årets sommarstad, noko ein må seie vart vellukka. Saman med GP’s har Frank invitert folket til den vesle bygda midt i Hjørundfjorden der mange kjende og ukjende artistar har vore innom denne sommaren. Her har heile tida vore mykje aktivitet, som også resulterte i godt med arbeid for dei tilsette. Ein måtte også hente inn ekstrahjelp då det var på sitt beste.

Web_
 Heidi Hauge og Roy Martin lagar liv

Folk har strøyma på frå nær og fjern, både for å sjå artistane opptre, men også for å oppleve den spesielle stemninga og atmosfæra Christian Gaard byr på, for det er ikkje berre kjende fjes som dreg folk; Frank torer å være seg sjølv og dette smittar lett over på gjestane, og han veit å lage liv. Han dreg gjerne fram gitaren eller trekkspelet og underheld gjestane på den måten, og med sine visekunstar dreg han gjerne i gong ein allsong.

Gjestane er alltid blide når dei er på garden, og det viser seg også i at mange kjem attende gong på gong.

Christian Gaard og Frank Storeide har skapt utruleg mange flotte sommarkveldar for hjørundfjordingar og tilreisande med artistar slik som: Heidi Hauge, Roy Martin, den kjende visesongaren Arne Bendiksen , Arnie Skiffle-Joe Norse, nordisk trekkspelmester og grunnlegger av Titanofestivalen, Sigmund Dehli med Per Fagre Stryn Bolstad  (oldebarnet av den kjende komponisten) berre for å nemne nokre.

A-ha
Magne Furuholmen og crewet
sammen med døtrene til Frank
Storeide; Linda og Lenita

Heidi Hauge saman med Roy Martin drog mykje folk til gards under ”country-weekend” og stortrivdes under opphaldet. Hadde det ikkje vore for tett turnéprogram så hadde dei nok vore der enno lenger enn planen var. A-ha medlemmen Magne Furuholmen inviterte seg sjølv og crewet i A-ha til krabbekoking før dei skulle spele for nær 15000 publikummarar Color Line Stadion i Ålesund.

Alt i alt har dette vore sommaren over alle somrar, også for Christian Gaard. Vi kan ikkje anna enn å gratulere dei med ein velfortjent andreplass.