Fjelltrim i dag, og eg er ute i siste liten. Turen går til Klokkura, og når eg parkerer bilen er dei andre gått. Eg veit det jo, på fjelltrimmen må ein vere ute i rett tid for å følgje. Eg går raskt framover og håper at det skal bli råd å nå igjen gjengen. Bak første åskammen ser eg dei, og heldigvis: dei stoppar og ventar. Så går vi der i lag. Når eg ser framover verkar tempoet roleg, men i dag er ikkje kroppen samd. Han er sur - får liksom ikkje med seg beina og lungene på rett vis. Heldigvis er der andre som held same tempo som meg – dei ser forresten merkeleg kvikke ut. Er det berre eg som slit i dag? Eg gir litt ekstra, det skal jo vere trening dette, godt å ha nokon som hjelp meg å halde oppe farta.

Klokkura - 2

Kari Riise, Irene Hustad, Helga Riise, Ingvild Aambakk, Kjersti Riise, Janneche Mo og Hilde Muren. Bak kamera: Bodil Skaare.  

Etter kvart samarbeidar kroppen meir, og eg får pust nok til å slå av ein prat med dei eg går saman med. Mellom anna får eg fortalt at barnehagen skal arbeide med lokalhistorie, og eg prøver å få tak i ein gamal hjulvisp. Det er visst ikkje råd å få kjøpt slike no. Eg får elles vite at desse brune steinane som det er skrive namn på er olivinstein. Olivin? Eg trudde den var grøn eg. Andre pratar om sitt, og nei sjå: no er vi framme ved ura.

KLokkura -1

Fram i Klokkura - med raude kinn og høg puls.  Foto: B. Skare

Det er godt å setje seg ned saman med dei andre. Ein finn fram ein pose med peanøtter og rosiner, ein annan ein kjekspose som blir sendt rundt. Alle har med eige drikke, det trengst påfyll no. Etterkvart som pusten roar seg får eg sett meg rundt. Det lyser blått frå nærmaste tue – store, fine, blanke blåbær. Også så søte dei er. Fleire spreier seg i terrenget, no treng ein ikkje medbrakt niste nei, den veks jo rundt oss.

Men no lyt vi snu. Sist gjekk vi heile vegen til Tryvatna, men no er det haust og blir fortare mørkt. Nedover råsa spring beina av seg sjølv, og praten går oss i mellom. Fjelltrim er ikkje berre trim og god naturoppleving, det er ikkje minst sosialt. Både om pusten går tungt eller lett. Eg byrjar allereie å glede meg til neste måndag……

Til Klokkura

Sjå kor flott utsikt!                                                          Foto: B. Skare

Neste dag får eg besøk i barnehagen. Helga har funne ein hjulvisp som ho ikkje bruker lenger, den kan barnehagen få. Jo, eg veit det no, det sosiale er nok det kjekkaste med fjelltrimmen ja.