Nordic Sky kom som rutebåt på Hjørundfjorden. Årets beste sommarnyhende, meiner hjorundfjord.no
Grunngjevinga til hjorundfjord.no er at CruiseService i sommar har opna fjorden for ein av dei viktigaste marknadene for Hjørundfjorden som turistmål, nemleg Ålesund. Moldvær og CruiseService er vågale, og det fortener dei honnør for. Det skal mot til for å tore og opne nye (eller gløymde) destinasjonar i reiselivet.
Sjølvsagt vil nokon seie at hjorundfjord.no burde ha kåra ”eigne” tiltak av og for hjørundfjordingar som beste sommarnyhende. Når vi likevel utropar rutebåten til årets sommarnyhende, er det fordi vi er overtydde om at denne satsinga vil gje ringverknader.
Ikkje berre handlar det om at CruiseService held fram med tilbodet komande sommar, og kanskje også med større båt. Vi ser nemleg at fleire satsar på Hjørundfjorden. Det er gjeve konsesjon for turistferje frå Magerholm til Leknes.
Med Ørsta kommune inn i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, vil det også frå reiselivsnæringa i Hjørundfjorden verte enklare å kome direkte i kontakt med reiselivsmarknaden i Ålesund. Skal Nordic Sky og andre tiltak verte ein meir varig suksess, er faktisk mykje avhengig av hjørundfjordingane sjølve. Moldvær etterlyste i sommar fleire som tok turen frå Hjørundfjorden og til Ålesund. Det er viktig, men ikkje det viktigaste.
Skal Cruise Service sitt tilbod verte noko meir enn å frakte folk til Øye og overlandstur til Hellsesylt og Geirangerfjorden, må folk, lag og organisajsonar på stader som Trandal, Sæbø og Øye hive seg rundt og skape opplevingstilbod. Mange av desse opplevingstilboda er her allereie, men dei må verte systematiserte og verte gjort kjende. Dessutan må vi stå for det vi tilbyr. Vi kan t.d. ikkje reklamere med guida turar til gamle-Rise for så ikkje å dukke opp eine dagen (utan at vi seier at det har skjedd). Her har vi i fjorden ei stor utfordring.
CruiseService ynskjer altså at hjørundfjordingar meir skal nytte rutebåten frå Hjørundfjorden og til Ålesund. Det skjedde ein del i år. Det var folk som drog på handletur. Nokre tok seg ein familietur på ein søndag, medan andre tok med seg gjester til Ålesund. Nokre nytta seg også av mulegheita til ein tur til Trandal frå Sæbø med middag på Christian Gaard, vandring i bygda, og ferja tilbake igjen om kvelden. Mulegheitene er mange med rutebåten.
Til slutt vil hjorundfjord.no kome med ei utfording til CruiseService, eller for den saks skuld M/S Hjørundfjord. AaFK er tilbake i Tippeligaen, og fotballinteressa vil garantert vere på topp komande år. Kva med turar til Color Line stadion annakvar søndag kveld.......
Kommentarar
"Vi er kjent med at Fjordabåten er kåret til Årets Nyhende i Hjørundfjorden og på vegne av oss i CruiseService , vil vi takke på det varmeste for denne oppmerksomheten. Foruten oss på kontoret – 3 stykker, så har 7 personer hatt sin periodiske arbeidsplass på Nordic Sky under ledelse av Helge Ingebriktsen, for å kunne gjennomføre to daglige avganger fra Ålesund til Hjørundfjorden i sommer.
Hjørundfjorden har siden oppstarten i 1995, vært vårt viktigste reisemål og vi håper selvsagt at vi sammen med ”Folket i Fjorden” kan få delta aktivt videre for å utvikle og bruke denne Storslåtte Naturen i Kontrastenes Rike!
Fotballcruise til Color Line Stadion:
Vi tar selvsagt utfordringen for å legge til rette for fotballturer fra Hjørundfjorden til Ålesund og gjerne sammen med M/S Hjørundfjord og Olsen. Da er det berre å knyte fotballskoene og skaffe seg billetter!
Takker så mye og ha en fortsatt God Dag i Fjorden!"