Matmøte 017

Kring tjuefem personar var til stades på mobiliseringsmøtet om mat på Rekkedal Gjestehus.

- Når ein bestemmer seg for å starte verksemd, må ein passe på at ein set seg mål om timeløn. Ein må tene pengar, seier Kleppe.

Han meiner også at landbruksnæringa må ta eit oppgjer med seg sjølve i bruken av ord når det skal satsast på alternativ matproduksjon.

- Slutt å kalle det attåtnæring. Då seier eg ikkje at eg er i mot at ein i landbruket skal skaffe seg fleire bein å stå på, me bruk andre ord. Elles i næringslivet kallar ein det forretningsområde. Det same gjeld omgrepet vidareforelding av mat. Det kallar ein innovasjon. Med dei rette omgrepa, snakkar ein det same språket som bankar, finansieringsinstitusjonar og næringsliv elles, og det vert skapt ei felles forståing for kva som er måla, seier Kleppe til hjorundfjord.no i ei utdjuping.

Matmøte 015

Bedriftsrådgjevar Hilmar Kleppe frå Triangel poengterer at potesielle nisjeprodusentar av mat nå setje seg gode inntektsmål.

Han var invitert til møtet av arrangørane Matmangfald i Møre og Romsdal, Ørsta kommune og Hjørundfjiorden bygdemobilisering.

Kleppe var svært oppteken av at når ein satsar på nisjeproduksjon av mat, så må ein vere klar over at det skal vere forretning. Då må ein til dømes tenkje over problemstillingar som skal eige eller leige. I matproduksjon er det til dømes viktig med kjøkken og kjøle- og fryseanlegg. - Ofte kan det bvere smartare å leige enn å eige. Byggjer ein t.d. ein bygning for produksjonen, må ein vite at for at ei slik investering skal løne seg, må det vere produksjon der åtte timar per dag, sa Kleppe.

Når ein driv verksemd, er ein borte i fleire område. Det gjeld produksjon, marknadsføring, innkjøp, distribusjon og sørvis. - Ein må nøye vurdere om ei nskal stå for alt dette sjølv, eller om noko kan setjast vekk til andre, sa Kleppe.

Dessutan er det svært viktig å finne ut kva behov som skal stettast når ein skal i gang med å lage eit matprodukt for sal. Ofte handlar det om kundeidentitet og histrorie. Ein moderne forbrukar vil gjerne ha noko meir ut av eit matprodukt enn berre å verte mett.

- Greier vi å finne dette behovet, er det også avgjerande for prisfastsetjinga av vara. Viss prisen på slike matvarer vert billegare enn Gilde og Spis, vert det heilt feil. Forbrukarane betalar gjerne mykje meir for slike produkt, understreka Kleppe.

Og på møtet kom det fram at einskilde urtebrød vert selde for femti kroner per stk utan at forbrukarane mukkar.

- Ha tillit til eigne produkt og dine eigne ferdigheiter. Pass på å få godt betalt, sa Kleppe.

Han var altså oppteken av at ein produsent av nisjevarer måtte vere nøye på kostnadssida, og sjå kva han/ho burde gjere sjølv, og kva som kan gjerast av andre.

Likevel, på eitt område understreka Kleppe at det ikkje må sparast. - Det er på design. Ei vare skal sjå skikeleg ut og verte presentert skikkeleg. Ta kontakt med dei beste profesjonelle formgjeverane, poengterte Kleppe.

Matmangfald i Møre og Romsdal var medarrangør for møtet, og prosjektleiar Solveig Brøste Sletta fortalde at alternative matproduksjonar no byrjar å kome for alvor i Møre og Romsdal. - Vi opplever også at reiselivet no ser at lokal mat er ein flott måte å marknadsføre regionane sine på, sa Brøste Sletta.

Matmøte 013

Solveig Brøste Sletta frå Matmangfald i Møre og Romsdal og Liv Bente Viddal frå Ørsta landbrukskontor oppmodar folk i Hjørundfjorden om å satse på nisjeproduksjon av mat.