Else Marie Stokke scorar.
Sæbø har i år med fire lag i handballserien, G 12 Sæbø/Åmdal, J 12 Åmdal/Sæbø,J 14 Åmdal/Sæbø og J 16 Sæbø/Åmdal. Vi samarbeider med Åmdal og det fungerer veldig bra.
For fyrste gong stiller Sæbø med reint gutelag. Det er i tolvårsserien, og det er gutar fødde i 1994, 1995 og 1996.
I helga var alle laga med på Tusse Handballcup i Sunnmørshallen.
Vi ser på dette som ein fin måte å starte sesongen på, og det er ein fin måte å la ungane verte kjende med kvarandre på. J 14 og J 15 gjorde det i tillegg skarpt.
J 15 Sæbø. Bak f.v. Tiril Maria Holen, Ida-Line Åmås, Jenny Karin Valset, Rebekka Stokke, Elisabeth Melle og trenar Narve Skurtveit.Framme f.v. Karoline Stokke, Sara Konstanse Årseth, Liv Grete Stokke og Marita Aklestad. Torill Haugen Øye er også med på dette laget.
J 14 tok tredjeplassen i B-sluttspelet etter ein spennande bronsefinale mot Træff 2. Dette er veldig bra fordi dei fleste av våre jenter er 13 år.
J 15 (vi stilte her i 15 -års klassa) spelte ein spennande kamp i semifinalen mot Rollon. Målvakt Liv Grete Stokke fekk to min utvisning etter å ha rykt ut i forsvar og Jenny Karin Valset måtte stille i mål. Men det gjekk bra, jentene gjorde jobben sin med 9-5 seier og var i finalen.
Herd var motstandar her. Sæbø-jentene viste dei alfor stor respekt .Herd var tøffare/råare på bana og Sæbø tapte 10-5.
J 14 Åmdal/Sæbø. Bak f.v. Julianne Sporstøl, Katrine Øye, Malene Aambakk, Kristina Hovdenakk og Kathrine Brekke.Framme f.v.:Emilie Ville, Sunniva Bjørkedal Åmbakk, Else Marie Stokke og Hanne Stokke.Framme, Monica Krøvel. Jeanette Berg og Ingeborg Aam Spelar også på laget.
Etter ei vellukka helg, sølv og bronse er kjempebra, er vi klare til å møte nye utfordringar i serien!
Handball er kjekt.
Tid for matpause. Sunt og godt.... Malene og Else Marie.
Helsing Mari-Anne Bjørdal
Leiar Sæbø IL, handballgruppa
Kommentarar