I Bondalen og på Sæbø og i Norangsfjorden er det tradisjonen tru komande års konfirmantar som går med bøssene. Dei vil kome forholdsvis tidleg, kanskje alt like etter kl. 12.00.
- Det har med ferjene å gjere, for vi ynskjer å få dei innsamla pengane inn til innsamlingssentralen i Ørstra tidleg ettermiddag, seier formannskapsmedlem Bodil Skare. Ho er ansvarleg for aksjonen i Bondalen/Sæbø, Trandal og i Norangsfjorden, medan Ola Perry Saure har ansvaret for Storfjorden og Marta Aa Standal for Standal og strendene.
På Standal og strendene har aksjonen alt funne stad, medan det kjem bøsseberarar på Trandal og i Storfjorden søndag. Skare håper på stor gjevarglede.
Legar utan grenser vann for nokre år sidan Nobels fredspris. Arbeidet deira er å gå inn med humanitær og medisinsk hjelp i område som er prega av krig og katastrofar. organisajsonen har ei eiga evne til å nå fram dit ingen andre kjem fram. Organisajsonen har ein svært liten administrasjon, så i år er det ein tv.aksjon der dei innsamla pengane uavkorta vil gå til medsin og utstyr som vil hjelpe folk i stor naud.
Det vil forresten vere ein bøsseberar om biord i ferja. MRF har gjeve løyve til dette.
Dersom folk ikkje er heime. vil folk feste ein lapp på døra. der står eit telefonnummer: 820 44 110. Viss du ringjer dette nummeret, vil 175 kroner verte belasta telefonrekninga.
Kommentarar