Allereie i vår bestemte styringsgruppa i Hjørundfjord bygdemobilisering at vi skulle få laga ei høgkvalitets t-skjorte med hjorundfjord.no på. No har det nyetablerte firmaet Frost media i Volda fått oppdraget med å kome med skisser til eit t-skjortedesign - eit design som også skal ha eit grafiske element!
Det er Benedicte H. Kjelland, som er grafisk designar i Frost media, som skal lage t-skjortedesignet i samarbeid med Torbjørn Håskjold i same firma. Dei to var i dag ein tur på Hjørundfjorden for å hente inspirasjon og for å fotografere. Dei nytta seg sjølvsagt av M/S Hjørundfjord med Oddvar Olsen som skipper.
Benedicte H. Kjelland(t.v.) og Torbjørn Håskjold(t.h.) henta i dag inspirasjon på Hjørundfjorden.
No har styringsgruppa sett svært få krav til korleis t-skjorta skal sjå ut, men vi ynskjer at motivet på skjorta skal vere "hjørundfjordsk", at også andre enn hjørundfjordingar skal ynskje å bruke den og at motivet i ei eller anna form skal kunne trykkast t.d. på eit krus.
Om ein skal nemne ei bestemt målgruppe, ja, så er det svært viktig at dei/de yngre skal ynskje å bruke den. T-skjorta skal vere av høg kvalitet. Den skal kunne vaskast mykje utan at motivet forsvinn eller at den misser forma. T-skjorta skal lagast i ein jentemodell og i ein gutemodell. Og berre så det er sagt: Så langt har det vore svært triveleg å samarbeide med Frost media.
Har de bestemte synspunkt? Legg igjen ein kommentar.
Kommentarar
Et motiv frå Hjøundfjorden skulle vel berre e selfølge på t skjorta:)
Men kjem dokke til og selge denne t skjorta til alle folk?
Du tenkjer kanskje på den t-skjorta som 5-6 av oss har brukt no sommar med hjorundfjord.no på. Denne vart laga berre for å profilere standen vår under Hjørundfjorddagane. Men den vi skal få laga no - den skal bli vakker...
Eller satser dokke på og ha den i barne størrelser også?
Bra at dokke vil vise fram ei t-skjorte her på portalen, blir spennande og sjå, tviler ikkje på at den blir bra;)
Dette kan bli ei bra t-skjorte!!:)
Kanskje burde dokke lansere ei handlekorg her på portalen!!
Suvenir butikk på Sæbø!!
Tillet meg og å foreslå at sogelaget legg ut sine bøker til salgs via nettet, så kan fleire få tak i dei. Ikkj alle som er innom fjorden, men dei kan ha interesse for skriftene like vel.