Det er berre ein liten flekk snø att i Olavshola.
Snøflekken i Olavshola var samtaleemne i Sæbø torsdag. Thomas Hustad er i tvil om Olavshola i det heile har vore snøfri.
- Eg kan ikkje hugse det i alle fall. Andreas Hustad har likevel sagt til meg at det var snøfritt i Olavshola i eit av krigsåra, fortel Thomas.
Dette biletet er ei veke gammalt, og snøflekken er faktisk mindre no.
Uansett er det sjeldant at fjella er så snøfrie som i år. Breane har vorte ekstra små, om ikkje dei har forsvunne heilt.
Under Skruen i Norangsdalen har i alla fall underteikna ikkje før sett så lite snø, og i Skondalen er også breane mest heilt vekke.
Den manglande snøen i fjella fortel i alle fall at vi har hatt eit eksepsjonelt varmt år, men årsakene til det varme året kan nok diskuterast. Nokre vil seie at det er tilfeldig, medan andre seier det er eit teikn på at jordkloda langsamt vert oppvarma, og at vi er inne i ei klimaendring.
I Skondalen er det nokre snøflekkar att. Vil dei "overleve" til vinteren?
Kommentarar
No har han berre eit par dagar på seg, før kaldare ver set inn. Så då spørst det om ikkje han overlev denne sumaren/hausten.
Thomas meiner han kan forsvinne enno, men då må det vel kome ein "indian summer!" Vi følgjer med !