Vi er godt vande - temperaturane har vore fine i heile haust og blomsterurnene vert tømde sjølv om blomane framleis står i full blomst.  Men i natt fekk nok georginene seg ein knekk.  Og kva med måsane?

IMG_0020

Her sit måsane på geledd ved småbåthamna på Sæbø.  Men nei, det er nok ikkje frostrøyk vi ser - heldigvis.  Men er ikkje sola på Slogen i bakgrunnen litt bleik?

Nei, eg for min del ventar enno ei stund med vinterdekka.  Det er framleis ein del lauv igjen på trea og er det ikkje spådd kraftig temperaturauke i verda?

Fjellhytte 006

Det er framleis lauv på trea og fargane kan vere vakre...