Forslag til Årets Bondaling
I dag har vi alle sett at vinteren, 3.juledag og kåring av den gjeve prisen "Årets Bondaling" nærmar seg med STORMskritt!
Om nokon har forslag til "Årets Bondaling" kan det sendast til Siw Lillebø eller Unn Frøland innan 1.desember
Lagt inn av
Unn Frøland
27.10.2006 16:00
27.10.2006 16:00
Kommentarar
burde ha fått seg ei pause no. Eg har all respekt for tidlegare vinnarar, men det kan ikkje ende med at alle til slutt har ein diplom på veggen. kva med å gjere det om til utdeling kvart femte eller tiande år?
Ein person som gjer ein innsats, vere seg frivillig i lag og organisasjonar, eller i privat verksemd som fremjar trivsel, er kandidatar som vi framleis har fleire av.
Eg er overtydd om at nemnda vurderer godt nok om det er personar som fortener prisen.
Det kunne forøvrig vere greitt om det på portalen vart klargjort kriteria for utmerkinga. Det ville kanskje gjere det enklare for folk å sende inn forslag til kandidatar.
Stian seier at han har respekt for tidlegare vinnarar. Eg er sikker på at han vil ha det same for framtidige vinnarar. Sjølv om dei vert kåra kvart år!
Om ein tenkjer seg om veit ein nok om fleire som legg ned mykje tid og arbeid for at Bondalen skal være ein god stad å bu, med godt kulturtilbod og godt nærmiljø.
Kanskje er det ikkje så vanskelig å finne gode kandidatar?
Lukke til med arbeidet Siw og Unn