Eg har ikkje fått tid til å hente ned boka/trimposten på skårasalen ,kan greie det på onsdag men det er meldt snøv.
dersom noken kan trosse naturkreftene og kong vinter slik at boka kan kome ned til fredag,og ta med opp den boka som heng på bompengekassa, vert eg jublande glad.
ring gjerne og tips meg!
Snu-tur (01.11.2006 kl. 14:11)
Haldis og eg prøvde i dag, det var mykje laus snøv, skavlar/fokksnøv,vi gjekk på beina, men det var tungt og det tjukna til oppi høgda så vi snudde.
Eg vil anbefale ski!
Boka kan berre ligge til det vert meir stabilt skiføre, så kan vi trekke premie seinare,men skal nokon opp så har eg liggande ei ny bok (heilårsbok) for det mangla der oppe.
Bodil Skare
Veit ikkje om eg vil svare... (31.10.2006 kl. 21:50)
Eg ser kva Rune skriv. Eg forstår innhaldet også, men eg veit ikkje om eg vil svare...
Knut Hustad
Helikopter (31.10.2006 kl. 16:14)
Eg stiller eg, men kven betalar helikopteret?
Rune Sæbønes
Årets siste.. (31.10.2006 kl. 16:11)
Viss ikkje Knut kan på torsdag, så er vel dette fridagen til Rune, så her er det ei fin anledning til årets siste fjelltur?
Ivar Svein Mo
Torsdag? (31.10.2006 kl. 13:46)
Bodil kan også torsdag, er det mogleg då?
Rune Sæbønes
Eg hadde tenkt i dag. (31.10.2006 kl. 12:55)
I morgon skal eg i Forliksrådet. Eg hadde faktisk tenkt meg ein tur i dag, men forkjølinga mi kombinert med det "vakre" veret vi har i dag, ja, så hadde det vel ikkje vore så lurt. Men boka må nok ned til fredag kveld...?
Knut Hustad
Bodil går, går Knut? (31.10.2006 kl. 12:34)
Bodil er klar til skitur til Skårasalen onsdag morgon. Stiller Knut?
Rune Sæbønes