Etter 1. oktober er det lov til å setje ut laksegarn i Hjørundfjorden.  I går kveld tenkte skipperen på M/S Hjørundfjord, Oddvar Olsen, at han ville prøve å få seg ein oppdrettslaks til jul.  Som sagt så gjort.  Han sette ut to garn i Hustadvika.  I dag vart resultatet klart:  17 laksar med ei snittvekt på ca. 5 kg.

Oppdrettslaks 006

Oddvar Olsen med 17 laksar.

Rett skal vere rett - der var 18 laksar i garna, men ein glapp.  Oddvar vedgår at han ikkje akkurat slengde seg etter denne 18. laksen då han stakk av.

Utan tvil er det rømt oppdrettslaks som igjen er på ferde.  Laksen er jamnstor og levra er større enn på villaksen.  Det kan og sjå ut til at laksen har vore ei stund i det fri, for Oddvar Olsen opplyser til hjorundfjord.no at det ikkje var pellets i magen på fisken.  Pellests er foret laksen får når han er i merdene.

hjorundfjord.no har no vore i kontakt med Fylkesmannen si areal- og miljøvernavdeling v/seksjonsleiar Trond Haukebø.  Haukebø opplyser at det er heilt sikkert rømt oppdrettslaks det er snakk om sjølv om ingen oppdrettar i det aktuelle området har meldt ifrå om slik fisk  Oppdrettarane har absolutt  plikt til å melde ifrå om fisk/laks som rømer.  Og ikkje berre det - oppdrettarane har og plikt til å iverksetje tiltak som hindrar fisken i å fare langt av garde, t.d. setje  garn rundt den skada merda osb.

Haukebø fortel at det er lov til å fiske etter denne laksen for fritidsfiskerane, men ein må tru om igjen dersom ein trur at slikt fiske kan hindre denne oppdrettslaksen i å evt. gjere skade på villaksen.  Til det vil eit slikt fritidsfiske vere for ubetydeleg.  Det er heller ikkje uvanleg at rømt oppdrettslas søkjer mot brakkvatn og ferskvatn og at den dermed t.d. kan gå opp i Bondalselva.  Om den vil gyte kjem sjølvsagt an på om den er kjønnsmoden/gyteklar.  Det er no opp til Fiskeridirektoratet å bestemme kva som skal gjerast vidare.

hjorundfjord.no har også prøvd å få kontakt med andre fiskarar på Sæbø, men dei fleste er allereie på fjorden, eller på veg ut for å ta del i dette fisket.  Men det ser ut som om det er nok til alle.

Laksefiske 014Oppdrettslaks 007

Til venstre ser vi tre blad Sæbønes i båten. Bak Ola Sæbønes, så dotter Kanutte Strand og fremst ser vi bror Johan Sæbønes.  Dei er i ferd med å setje garn etter laksen.  Til høgre er Johan Riise på veg mot fiskefeltet.