Hjørundfjord prestegjeld har to sokn - Storfjorden sokn og Hjørundfjord sokn.  Mesteparten av av tida i går brukte biskop Odd Bondevik i soknet i Storfjorden, mens tida i dag har biskopen brukt m.a. til å vitje barnehagen på Sæbø, ha møte med lokalpolitikarar frå kommunen og ikkje minst ha gudsteneste i Hjørundfjord kyrkje på Sæbø.  Dagen i dag vart avslutta med festleg samkome - visitasmøte -på bedehuset arrangert av Hjørundfjord sokneråd.

IMG_3064IMG_3075

Til venstre ser vi to av medlemane i "arrangørkomiteen", dvs. Hjørundfjord sokneråd.  Til venstre på biletet ser vi Olav Kjell Rekkedal, til høgre ser vi Ivar Melle.  Det var kyrkjelydssekretær Elbjørg Tvergrov, foto til høgre, som leidde festen.

Som tradisjonen tilseier, avslutta biskopen visitasen med eit visitasforedrag.  I foredraget ville ikkje biskopen gjere til kjenne sitt standpunkt i saka om stat og kyrkje eventuelt skal skilje lag. Likevel understreka han at vi framleis skulle ha ei desentralisert kyrkje og at sjølv små kyrkjesamfunn ikkje skulle verte lagde ned.

Men biskopen nemnde også at  same kva, også i saker som har med kyrkja å gjere, må vi ta inn over oss at det heile tida vil verte endringar.  Det må vi gjere antan vi likar det eller ikkje.

Biskop Bondevik gjorde det også kjent at det no var bestemt at Ørsta og Volda kommunar skulle verte eitt presteområde, dvs. at prestane i dei to kommunane skulle samarbeide meir.  Likevel ville det verte slik at t.d. Hjørundfjord sokn skulle ha sin faste prest, men denne presten måtte vi til tider dele med andre i dei to kommunane. Til gjengjeld ville Hjørundfjord sokn  få nytte av ein annan prest.  Eit nærare samarbeid mellom prestane såg Bondevik på som ein klar fordel.  - I alle høve nyutdanna prestar ville heller arbeide i team framfor å vere "eineprestar", sa Bondevik.  Sjefen for prestane i Ørsta og Volda ville vere prost Evy Kvamsdal.

At kyrkjene i Hjørundfjord prestegjeld var i god stand, gledde biskopen og han sette stor pris på dugnadsarbeidet som har vore gjort, t.d. med oppsetjing og måling av nytt gjerde rundt delar av kyrkjegarden på Sæbø.  Likevel meinte han at lydanlegget i kyrkja på Sæbø langt frå var godt nok.

IMG_3070IMG_3079

På foto til venstre ser vi diakon Knut Stave(t.v.) og prost Evy Kvamsdal(t.h.). I midten ser vi den nye kyrkjeverjen i Ørsta kommune, Steinar Sætre.  På foto til høgre ser vi ein del av forsamlinga under visitasmøtet på Sæbø bedehus.

Det kom også fram at biskop Odd Bondevik gledde seg spesielt over speidararbeidet, men understreka kor viktig det var at kyrkja tok arbeidet med barn og unge på alvor.  Under si helsing til kyrkjelyden sa prost Kvamsdal m.a. at ho gledde seg til å bli betre kjent med kyrkjelydane i Hjørundfjord.

Annemor Henjum Mo, fungerande soknerådsleiar, takka biskopen for besøket og overrekte han boka "Hjørundfjord" av Jon Hustad.

IMG_3078

Annemor Henjum Mo, fungerande soknerådsleiar.