I dag starta endeleg grunnarbeidet. Garderoben og leikearealet skal utvidast. Samstundes skal det byggast lager til vogner, uteplass under tak og ei snikkarbu.

bygg1

Dette er sjølvsagt utruleg spanande, tenk ei gravemaskin rett utanfor døra. Nokre vart litt lei seg fordi barnehagen blir øydelagt, men vart trøysta då dei vaksne fortalde at alt vil bli reparert slik at her blir meir hus.

Peronalet håper på at alt blir ferdig til jul, men vart møtt med latter frå dei som har greie på slikt. Men kanskje til påske?