Nok er nok, seier Asgeir Standal til hjorundfjord. no. Han vil ikkje ta ei ny periode i Ørsta kommunestyre for Senterpartiet.  Asgeir seier at han har (for) mange jarn i elden og at han har problem med at det er for få timar i døgnet.  Men Asgeir legg heller ikkje skjul på at utviklinga i Senterpartiet har teke ei anna retning enn det han ynskjer...

At heilårsvegen over Standalseidetno no vert opna, er utan tvil Asgeir Standal si forteneste. Han har kjempa i kommunestyre og formannskap for at dei rette vedtake skulle verte gjorde og han har også vore med på å gje rimeleg masse og grus til vegen.

Den saka som Asgeir har kjempa for i det siste, er det planlagde  hyttefeltet på Standalseidet.  Alle politiske organ i Ørsta har sagt ja til dette prosjektet, men fylket har no sagt nei til dei framlagde planane.  Asgeir lovar at han ikkje har gitt opp, men legg ikkje skjul på at dei som står bak det planlagde hyttefeltet har følt seg motarbeidd av enkelte i administrasjonen i Ørsta kommune.  Asgeir Standal legg heller ikkje skjul på at han har fått høyre nokre gonger av sentrumspolitikarar at han nok har kjempa for seg sjølv når han har kjempa for heilårsvegen over Standalseidet.  Dette trass i at han har vore med på - som nemnt - å gje rimeleg masse til vegen.

kassa_3

Foto:  Google/Møre Nytt  At heilårsvegen over Standalseidet no vert opna, skal Asgeir Standal ha æra for.

Men Asgeir Standal likar heller ikkje utviklinga i Senterpartiet.  - Senterpartiet har no vorte raudare enn SV, seier han til hjorundfjord.no.  Han kom inn i partiet den tida Johan J. Jacobsen var ein sentral politikar.  Den gongen likte Asgeir partiet.  Asgeir nemner også at det er eit par politikarar i Senterpartiet i Ørsta som han meiner har vore med på å øydelegge for partiet...

Asgeir Standal seier til slutt at han truleg heller ikkje vil stille til val for eit anna parti ved neste kommunestyreval, men han held likevel døra litt på gløtt.  Til hjorundfjord.no let han det skine igjennom at han har fått andre tilbod.