Jakt 036No har haustfargane kome for fullt.  Her ser vi m.a. ei rogn med mogne bær på Årsetsida i Kvistaddalen.  Framleis er det også mykje blåbær å sjå og høgare oppe kan den enno plukkast. Og tytebær er det også.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vi som jaktar på Årset og Gjerde brukar gjerne nokre dagar i løpet av hjortejakta til å ta ein "jag", dvs. vi plasserer ut ein jeger eller to i Årsetstorefonna så går nokre av oss i skogen frå setra og heimover.  Målet er sjølvsagt å løyse ein hjort eller to og få dyra til å passere denne fonna og då smell det - som oftast.

Jakt 005Til venstre ser vi "jagar" Normann (Dimmen) som prøver å løyse ein hjort.  Laurdag var han i Maridalen på sauesanking.  Søndagen brukte han til å løyse på muskulaturen under jakta.

 

 

 

 

Vi kan like godt avsløre det med ein gong:  Denne dagen var det ingen hjort som gjekk over fonna sjølv om det er vanleg at den gjer nettopp det.  Dermed vart det heller ikkje fangst.  Men hjort gjekk vi oss på - og ei rugde, ein orrfugl og tre sauer.  Det er vel ikkje så verst? Men så er det likevel ikkje dyra som er viktigast for denne jaktgjengen - nei, vi jaktar for ei god pause.

Jakt 006

Ingen hjort i dag, nei.  Men Jon Arne (Årseth) set meir pris på sveler enn hjortekjøt.

Jakt 008Jakt 012

Eit kaffibål må sjølvsagt til.  På foto til venstre ser vi at Arild (Aarseth) og Jon Arne har fått skikkeleg fyr.  På fotoet til høgre ser vi jegerane som var plassert ut i fonna.  Arild - i midten - låg øvst oppe. Nils (Aklestad)(t.h.) og assistent Jakob (Hustad)(t.v.) låg nedst.

Jakt 023Jakt 027

Normann(t.v.) måtte forlate staden litt før oss andre.  Nils(t.h.) tek det med ro ei stund til. Tek ein seg tid til å sjekke det som vert kalla kvitbalansen på kameraet, vert fotoresultatet absolutt betre - sjå foto til høgre.

Jakt 018

Den "fantastiske" trekoppen til Nils sprakk den.  Då er det vanskeleg å drikke kaffi, men desse to karane ser humoren i situasjonen.

Jakt 007Jakt 009

Nils er og ein ivrig fotograf, men er ikkje utstyret litt småtilt for ein stor mann?  At Nils har kjøpt stativet i Egypt tyder slett ikkje på dårleg kvalitet, men det spørs likevel om det ikkje hadde passa betre til fotografering i eit coktailparty framfor fotografering i ulendt terreng under hjortejakta.  Men Nils han fekk med alle på same foto han...

 

Jakt 016

Og her er Nils(bak) i ferd med å planlegge neste jaktur.  Eller ser han ned på vakre Aklestad med lengsel i blikket?

Ingen hjort, nei.  Men underteikna gjekk innom Årsethornet etterpå og fekk med seg heim sauen med to lam - dyra som Jon Arne hadde oppdaga tidlegare.  Og takk for det.  Det må også nemnast at - som Helge Strand har vore inne på - at det er viktig for dei unge å ha gode læremeisterar antan det gjeld laksefiske, eller som i dette tilfellet; jakt.

Nils er ein god læremeister for ein jaktinteressert Jakob(12 år).  Dette vert sett pris på. Så når kua på marka ved fjøsen hadde kalva då dei tre karane på fotoet over hadde kome ned til Årset, fastsette Jakob raskt namn på kalven.  Oksekalven Nils (eit eliteokseemne) har det no berre bra.