Vi har fått kr 49.000 i SMIL - midlar frå Ørsta kommune som skal nyttast til dette arbeidet.

Planen er at vi skal få til ein tursti som kan brukast av alle og at den skal vere i så god stand at ein både kan trille barnevogn, rullestol eller sykle på vegen.  Vi vil lage til ei mindre bru og setje opp benkar og bord. Bygdemobiliseringa har no starta arbeidet med å lage tursti langs elvarampa.

Vi har teke ein tur til Volda og sett på turstiane som dei har laga i Elvadalen og ein kan berre drøyme at slik vil vi ha det her og……

Elvadalen 007 red.
Tursti med kvilebenk frå Volda.

 

 

Elvadalen 008 red.
Grusa tursti med velstelt skog langs elva. Dette bilete også frå Elvadalen i Volda.

 

Vi skal ha dugnad på laurdag den 09. september kl 11 og håper at akkurat du vil hjelpe til.

Håper så mange som råd møter opp og vi treng ein del  folk  med motorsag og ryddesakser.

 

Irene Osvoll Tlf.95153590

 

Hjørundfjorden bygdemoblisering.