Framtidskveld2 002

Ungdommen var engasjerte i gruppearbeidet.

 

Då ungdommen mot slutten av møtet skulle prioritere blant alle forslag til tiltak var det nokre som gjekk igjen. Dei handlar m.a. om ein stad å vere for ungdom på fritida, om at breiband må sikrast til alle i heile fjorden, betre busstilbod og å motivere for tilbakeflytting til Hjørundfjorden.

Ungdommen fekk først i oppdrag å kome på alt dei kunne av det som er godt for unge og ungdom i Hjørundfjorden i dag. Og her var det svært mykje ungdommen sette pris på.

Lista vart svært lang:

- Ballbingen- Badestranda- Bondalseidet- Idrettsanlegg- Hjørundfjorddagane- Turistbesøk- Fine fjordar og natur- Handballbana - Campingplassane- Bakeriet- Doktor Hame- Paintballbane- Skyssbåten- Påskerebusen- Badebassenget på Bjørke- Kino på Bjørke- Av og til diskotek- Korps- Billege tomter- God plass- Prillar-Guri- Bellingen- Gode vegar for pendling- Enkel tilgang til utdanning- Breidband- Tre butikkar- Open gymsal- Sandvolleyballbane Bjørke- Taxi – Gunnar- Kjellarstova til Tommy- Plattingdans- Hjørundfjordportalen- Sæbø Bygg/Bedrift på Sæbø- Biblioteket- Brannstasjon- Bank- Frisør- Sjølivet- Skulane- Barnehage- Hotellet- Gardsdrift- Drikkevatn- Grendahus- Bokbåten- Sjukeheimen- Nettverk - Gode jakt og fiskemuligheter.

Etter at deltakarane gjekk i gjennom alt det var bra, var tida komen til å finne ut kva som kunne verte betre. Også her var lista lang, og til slutt skulle deltakarane prioritere blant tiltaka. Dei tiltaka som er understreka, er prioriterte som ekstra viktige frå ungdommen si side:  

  • Hotellet
  • Arbeidsmuligheiter I
  • Mangel på tomter i sentrum I
  • Strengare krav til bu-og driveplikt I
  • Meir innflytting av unge/familiar i
  • Bedre busstilbud iIi
  • Presteløda (ungdomshus) i
  • Bedre drift av paintballbana i
  • Bedre ballbinge
  • Filme fotballkampane
  • Sandvolleyball-bane på Sæbø I
  • Bedre badestrand ii
  • Plass der ungdommen kan halde til innendørs
  • Bedre gymsal (Sæbø)
  • Bedre/meir moderne skule i
  • Merking av handballbana
  • Bedre mobildekning
  • Stupetårn på badestranda i
  • Skibuss til Bondalseidet (helg) i
 
  • Sæbø sentrum
  • Meir satsing på turisme I
  • Kommunen må realisere måla i kommuneplanen: Folk i alle bygder I
  • Imøtekomande kommune på søknadar om bygging I
  • Skikkeleg breidband til alle II
  • Butikk på Bjørke
  • Klatre – Brekurs
  • Auke bruken av grendahus i
  • Kinodag for dei gamle
  • Gjere noko med ”gamleheimen”
  • Fellestiltak Bjørke/Sæbø
  • Meir arrangement for unge
  • Ope klubbhus (ungdomshus)iIiiI
  • Bedre vegar og bedre brøyting
  • Tribune Sæbø Stadion
  • Bedre halfpipe på Bondalseidet
  • Bedre oppmerka fjellstiar
  • Meir veglys i
  • Fornying av Hjørundfjorddagane
 

 

Desse tiltaka vil no bygdemobiliseringa ta med seg i det vidare arbeidet. Samstundes vart det sterkt understreka på møtet, både frå kultursjef Jostein Mo, ungdomsleiar Aurora Høegh-Omdahl og ordførar Hans Olav Myklebust at ungdommen sit teige engasjement og oppfølging no i etterkant av møtet er svært viktig. Ungdomman må pushe på dei som er i styringsgruppa i bygdemobiliseringa til å følgje opp, samstundes må dei sjølve engasjere seg gjennom ungdomslag og idrettslag m.a. for å syte for at desse er til for ungdommen.

Framtidskveld2 005

Leiar i Ørsta ungdomsråd, Fredric Bjørdal, lyttar interessert til debatten i gruppene.

I tillegg til å arbeide intenst i gruppene, fekk ungdommen sjølvsagt ein matbit. Det vart ikkje solbærsaft og kokt småsei, men brus og pizza, som ordførar Hans Olav Myklebust kom køyrande med.

Per Atle Røe frå bygdemobiliseringa informerte om bakgrunnen og måla for bygdemobiliseringa, medan Tor Eirik Trandal frå hjorundfjord.no orienterte om Hjørundjfordportalen. Han tok eit kjapt kurs i å bruke portalen, og oppmoda folk om å delta på sida her.