Linn Cathrin Straume og Jan Tore Sæbønes med solide eksemplar av arten.
Linn Cathrin, Jan Tore, Marius og Frode reiste ut i ein færing, og lyste etter krabbene langs fjøra mellom Sæbø og Standal. Dei hadde selskap av minst ein annan båt som var ute i same ærend denne kvelden og natta.
Spesielt mellom Høydalsneset og Standal vart det fangsta godt. Krabbene var store, og har mykje mat i seg.
Linn Cathrin kan å handtere krabber. Krabbekloa kan ta eit skikkeleg tak om ein er uheldig.
Krabbene som vart fangsta denne kvelden hamna i gryta for koking, og dette er delikatessemat. Kanskje er det nokon som har oppskrifter for korleis krabber skal serverast på best mogleg måte. hjorundfjord.no tek sjølvsagt i mot gode oppskrifter.
Eit av spørsmåla er kor lenge vi vil oppleve å ha den gode norske krabba i fjorden. Sørover langs kysten vndrar kongekrabba, og ho konkurrerer ut dei vanlege krabbene. Men kjem kongekrabba så langt sør som til kysten av Møre og Romsdal? Er det nokon som veit noko om dette, så kom med kommentar.
Ute på fjorden denne kvelden var det forresten artig å oppleve eit aldri så lite naturfenomen. I mørket var det nemleg ikkje vanskeleg å sjå morild når båten braut bølgjene i vatnet. Det er eit fenomen med algar som er ladda med elektrisitet, og som gjev få seg lys under viss omstende.
Skipper Frode Holen har full kontroll.
Kommentarar
Fine bilder sers av skipper Vorse Holen.Håper al
småkrabben går i havet igjen. Viser seg at det har blitt mye smått siste åra,er den iferd med å bli opphåva? Sist vi var ute å håva var det mye smått, gerne komentar fra skipper Vorse Holen angående dette .
Hilsen Krabbefisker Dagfinn Strand
mykje smått,men dei lot vi være ifred. minstemål på krabber bør være min. 7"tommer(ca.18cm)i lengda.
til teinefiskerane av hummer og krabbe vil ej minne om at djupna bør være min. 15meter og "longt nåk" ut slik at dåkke minska sjansane til å få oter i teina!!