Sæbø 30.aug.2006

Hjørundfjorden Bygdemobilisering                  Organisjonsnr:939678 67
Bankkonto: 3993.04.12868                                                                                                                                               

Styringsgruppa

v/IvarSveinMo                                                                    

6165 Sæbø

 

 

TilØrsta formannskap                                                                                               v/ordførar Hans Olav Myklebust

Rådhuset

6165 Ørsta

 

UTVIKLINGA AV HJØRUNDFJORDEN

Hjøundfjorden bygdemobilsering er så fri og søkjer om ein million kroner i støtte frå Ørsta kommune. Bakgrunnen for akkurat denne summen, er at det var denne summen politikarar i Ørsta gjekk ut og lova i samband med utarbeidinga av reguleringsplanen for Sæbø sentrum i 1997.

VissSæbø-folket ikkje krangla for mykje, og samarbeidde om å få planen vedteken, skulle det tilfalle ein million kommunale kroner til gjennomføring av dei regulerte tiltaka i Sæbø sentrum. Lovnadene var også så konkrete at dei kom med som forslag i utarbeidinga av langtidsbudsjetta til kommunen.

Reguleringsplanen vart vedteken. Likevel, løyvingane vart aldri ein realitet. No er det gått ni år, og tida komen for at Ørsta kommune og dei folkevalde følgjer opp. Vi skal her peike på ymse grunnar til at tidspunktet no er det rette.

Hjørundfjorden bygdemobilisering er godt i gang med arbeidet sitt. Bakgrunnen for mobiliseringa kjenner de: Folketalsnedgang og fråflytting.

I løpet av eit halvår er grunnleggjande fundament for ei vidare satsing i Hjørundfjorden vorte lagde til grunn i bygdemobiliseringa. Men dei er for dei meste immatrielle, og handlar om positivitet, optimisme og identitetsbygging.

Vi minner også om kommunen sine planverk. I kommunen sin strategiske næringsplan er Hjørundfjorden nemnt som eit område der det skal satsast på reiseliv og landbruk. I førearbeidet til den komande kystsoneplanen står omtrent det same.
 

Slik vi i styringsgruppa for bygdemobiliseringa tolkar dette, vil det seie ein kommunal vilje til å bruke midlar på infrastruktursatsing i Hjørundfjorden som skal gjere det enklare for folk å satse på næringsutvikling.
 

Konkret handlar det mykje om Sæbø sentrum. Oppgåvene står i kø. Følgjande prosjekt er under arbeid og/eller på tankestadiet: Strandpromenade, småbåhamn, opprusting av det kommunale kaianlegget som følgje av gjeninnføringa av rutebåten til/frå Ålesund og auka turisttrafikk sjøveges, istandsetjinga av friluftsområdet ved Katpeinskvia/badeplassen, opprusting av Presteløa, riving av bunkerane ved ferjekaia osb. Og i tillegg kjem dei verkeleg store tiltaka som omlegging av riksvegen som er praktisk mogleg og flytting av ferjekaia.

Vidare vert det arbeidd med å lage til stiar langs Bondalselva, og vi vil også etter kvart kome i gang med prosjekt andre stader i fjorden.

Når vi søkjer om ein million kroner no, er det fordi vi er overtydde om at tidspunktet er det rette. Bygdemobiliseringa har skapt framtidstru, men vi kan ikkje leve på luft åleine. Skal bygdemobiliseringa gje resultat, og vi skal få med folk aktivt, må vi etter kvart vise til fysiske resultat. Vi har alt fått tildelt 350.000 kroner frå Ørsta Næringskontor, men dei midlane vil ikkje strekkje til åleine.

Vi er klare over at ein million kroner er ein svært stor sum for Ørsta kommune. Vi foreslår difor at summen vert delt over tre år, med 333.000 kroner for kvart år, frå budsjettåret 2007, og at dette vert lagt inn i både budsjettet for 2007 og økonomiplanen til Ørsta kommune. Då vil midlane verte tildelt i same tidsrommet som bygdemobilseringa varer. Vårt prosjekt skal vare til ut 2009.

Vi vil også minne om at Ørsta kommune årleg får ekstramidlar på over ti millionar kroner i form av utbytte frå Tussa Kraft AS. For Ørsta kommune sin del, vert brorparten av verdiane bak dette utbyttet skapt gjennom utnytting av våre felles naturressursar i Hjørundfjorden. Kanskje kan vi sjå på ein million kroner til infrastrukturtltak i Hjørundfjorden som ei lita tilbakebetaling av dette.

Vi håper på positiv respons på søknaden, og ser fram til å arbeide saman med politikarane i Ørsta om det vi er overtydde om er eit felles mål: Nemleg å skape vekst, framtidstru og tilbakeflytting til Hjørundfjorden.

 

Med venleg helsing

 

Ivar Svein Mo

Leiar i styringsgruppa

Hjørundfjorden bygdemobilisering

 

Kopi:

 Gruppeleiarane i partia i Ørsta kommunestyre