Vi har hatt ein stor og god plommehaust til no.  Ved god hjelp av Admiralen - sommarfuglen - er no dei fleste plommene oppetne, eller blitt omgjort til plommesylte.  Berre Victoriaplommene heng framleis på trea.  Men den vikigaste innhaustinga står att: Eplehausten.

Epler 001

Vi likar eple.  Vi likar eple svært godt.  Dei siste haustane har eg difor brukt å kjøpe Flo-epler i Stryn - gjerne eit par kasser.  Men det treng eg ikkje i år.  Epletreet som eg planta for to-tre år sidan ber no frukt - kvalitetsfrukt. Raud og fin frukt.

Det er sjølvsagt vanskelg å vite nøyaktig på førehand kor mykje eple ein får hausta av eit tre, men eg har fått tak i tre pappkasser.  Eg trur det skal vere nok.  Men eg kan få tak i meir.  No er det ikkje berre å plukke i veg.  Nei, eple toler ikkje slag under hausting.  Eit langt skaft med eit lite nett i enden er fint.  Då kan eplet dette ned i nettet utan å få slagskadar.

Likevel må også ei gardintrapp til.  Ein må vere sikker på at ein når heilt opp i toppen av treet.  Ein må få med alle epla. 

No kan ikkje haustinga av epletreet vente stort lenger.  Det kan vere fare for ei frostnatt eller to.  Det bør unngåast.  No i slutten av september kan ein også få kraftige vindrykkar.  Faren er stor for at frukt bles ned på bakken.  Også det bør unngåast om ein ynskjer kvalitetsvarer.  Dessutan kan avlinga på epletreet verte betydeleg redusert dersom noko bles ned.

Så eit siste problem - epleslang.  Etter at foto av dette treet no er gjort offentleg kjent, er det nok fare for at fleire vil prøve seg med gammaldags epleslang.  Ikkje prøv.  Eg sit vakt. Eg sit vakt heilt til den dagen/dagane eg skal hauste.  Frukta på treet skal brukast til noko skikkeleg.

Og kva er skikkeleg?  Vi skal i alle høve starte med ei god eplekake.  Kan ein få noko betre til kaffien enn varm eplekake med is?  Så vert det sjølvsagt til at ein berre et opp ein del.  5 om dagen er god kur for magen, heiter det.  Kanskje vert ein del også pressa til saft.  Til dette brukar ein likevel eple av ikkje heilt god kvalitet - også nedfallsfrukt. Ja, det er utruleg spennande og sjå kor mykje eple ein får hausta av dette treet.

Epler 003