Odd Bjarne Bjørdal har ansvaret for rett veging av lamma. Gult merke i øyret vil seie at sauen tilhøyrer Ingvald Skårland(bak t.v.)
Trass i mykje regn i går måndag, er langt dei fleste av dei ca. 630 sauene og lamma som har gått på beite i Trandaldalen denne sommaren, no sanka. Berre ca. 100 dyr manglar. Ein av dei tre medlemane i Trandal beitelag, Odd Bjarne Bjørdal, reknar med at dei fleste av desse igjen, vil verte sanka i løpet av morgondagen, onsdag.
hjorundfjord.no har tidlegare omtalt det nye saueskiljeanlegget på vårsetra på Trandal. Anlegget ser ut til å fungere etter planen.
Her ser vi at ein god del av sauene og lamma har kome på plass i dei ulike gjerda. Til venstre ser vi Odd Bjarne Bjørdal.
Odd Bjarne fortel at det beste er om dei lamma som skal slaktast, kan sendast rett frå fjellbeitet på Trandal til slakteriet. Det som stort sett avgjer om lamma er "slaktemogne", dvs. klart til å slaktast, er vekta. Har lammet ei levandevekt på ca. 40 kg eller meir, er det også slaktemoge ifylgje Odd Bjarne. Men han tek gjerne eit tak ned i ryggen på dei med handa for å kjenne på haldet. I skrivande stund ser det ut til at gjennomsnittsvekta på lamma som Odd Bjarne har hatt i Trandaldalen, er ca. 45 kg noko som er svært bra.
I morgon går det to billass med lam til slakteriet på Oppdal. I dag vart flesteparten av livdyra frakta heim til Bondalen/Bjørdalen, Velsvika i Volda eller til Gurskøy.
Atle Bakken, Gurskøy, passar på at lamma og sauene kjem på rett plass. Lidyra til Odd Bjarne der, slaktelamma til Ingvald Skårland her.... osb.
Sist helg sanka Atle Bakken sauer i Ulvådalen i Rauma. Flesteparten av desse er allereie frakta heim, men ein del dyr er likevel att i Ulvådalen. Bakken veit av erfaring at desse sauene og lamma som er att der, lett vert tekne av jerven. Jerven tek nemleg no til å samle mat til vinteren. Straks Bakken er ferdig med sauesankinga på Trandal, skal han difor på nytt til Ulvådalen for å få heim dyra han manglar der. Nemnde nokon at det er lett å vere sauebonde?
Avslutningsvis får vi vite at grunnen til at sauene på Trandal vert sanka etter måten tidleg, først og fremst har si årsak i gode beite. Gode beite gjev høge vekter tidleg på sesongen. Og tidleg i sesongen er prisen på lamma er høgast for bonden. Det er også slik at butikkjedene vil ha ferkst lammekjøt tidleg på hausten. Rimeleg fårikålkjøt vert gjerne brukt som ei lokkevara. Det er nok ikkje sant at lammekjøt er så dyrt at det snart berre er ulven som har råd til å ete det, slik nokre hevdar.
Grunneigarane på Trandal ynskjer også tidleg sanking. Den 10. september startar nemleg hjortejakta og hjortejegerane vil gjerne ha Trandaldalen for seg sjølve...
Kommentarar