Anders Hustadnes d.y. ved jettgryta i Tyssedalen.(les meir om Tyssedalen her )
Sist helg, fredag 1.sept. tok Anders Hustadnes( ja du las rett , men det er ikkje den gamle hedersmannen, men sonesonen Anders d.y) seg ein tur til Kvamsedalen for ein ein skikkeleg weekend. Natt til laurdag overnatta han i hytta i lag med Helge Nordang. Véret var fredag fint med opphald, men når laurdagen kom så var det vind og regnbyger i dalen og Helge ville heimatt. Anders flytte då inn i det gamle fellesselet til Hustad.
Det gamle fellesselet til Hustad i Kvamsedalen.
Ut på laurdagen vart han åleine i dalen og då måtte garnet ut for å prøve fiskelukka. Det bles godt på vatnet og alt skulle vere klart for fangst så garnet vart sett nederst i vatnet i i osen.
Bilete fram gjennom Kvamsedalen -2005
På ettermiddagen drog han garnet og her var det fangst. Her var mykje fisk og den største kreda han nokon gong hadde sett i Kvamsedalen, ja dette hadde han berre høyrdt fortalt av bestefaren om dei store som dei fekk når dei sætra der, og tilførte vatnet næringsstoff gjennom mjølkerestar og myse.
Storkreda. Heldigvis hadde han med tommestokk så dokumentasjonen er ok.
Storkreda var 1,2kg. og 43 cm. lang og bilete måtte takast ilag med metermål, for dette kunne være vanskeleg å fortelje seinare uten god dokumentasjon. Dei andre kredene som vart tekne var 15 - 20 cm. longe. Storekreda var fin i fisken, men magesekken hadde lite innhald, så dette er tegn på lite mat og det er viktig å beskatte den mindre fisken så dei store får betre oppvekst vilkår.
Laurdagskvelden vart det festmåltid i hytta.
Det vart laurdagskos med ferske Kvamsedalskrede, men den store måtte han bevare til han kom heim og trefte folk, for her måtte vitne til for å bekrefte storfisken, ellers kunne det verte vanskeleg for ettertida. Denne kreda er no bekrefta at det er rekord i nyare tid, i gamle dagar var det meir vanleg å få denne størelsen i vatnet.
Søndagen kom med regnbyger og striregn så ut på dagen kl 18.30 måtte han berre ta på veg heim, for det nytta ikkje å vente på betre vér lenger.Turen gjekk fint heim og fisken kom i hus.
Helgas store fangst, den store er enorm i forhold til dei andre.
Kvamsedalen er ein fantastisk plass for rekreasjon og der er i dag 4 sel som er i god stand.
Laurdag 26.august var Kvamsedalen start plass for Commandoraid 2006 .Her starta poengtellinga etter at dei hadde greidd fyrst oppgåva ved å finne Kvamsedalen.
Komande helg 8-9-10 sept. er det saudesanking, og då er sela gode å ha for slitne saudesankarar.
Kommentarar