Det er ettermiddag i barnehagen, og det er god varme i haustsola. Plommene ser ekstra gode ut i varm lys frå ettermiddagssola. Trea står der heilt åleine, det er ingen som haustar av frukta deira. Då tar vi ansvaret! Frukt skal ikkje henge åleine, og snart har trea fått selskap av barnehagebarn i alle aldrar.


Vi er på slang! – og barn og vaksne klatrar i tre, ristar i greiner og nyt smaken av modne plommer. Nokre er sure, usj – dei kastar vi. Andre er søte, og vi sug av så mykje plommekjøtt som råd før vi tar ei ny plomme.
Etterkvart kjem foreldre og skal hente barna sine, og dei vaksne utvekslar minne frå den tida vi gjekk på slang. Då sjølvsagt i løynd og ikkje med løyve frå eigarane.

No er det blitt høgt opp til plommene, og vi hentar stigen. Det kitlar i magen når ein er så høgt oppe. Kanskje kjem vi heilt opp til himmelen med stigen? Eller opp til alle epla i ein hage lenger nede i gata…. Det prøver vi seinare.
Annbefalt aktivitet (22.09.2006 kl. 22:46)
Flott Hilde og de andre i barnehagen. Haure på radio at ein barnepsykolog annbefalte at dei med frukttred skulde invitere foreldre med små born til slangaktivitetar. Då slik at borna ikkje viste at dei hadde lov, og dei som eigde treda skulde ut å skjenne - slik det var i "vår tid". Så her er barnehagen i takt med tida -til og med før "ekspertane" kom med anbefalinga. Sikkert kjekt å kunne mimre litt for foreldra og - hugsar ein del episodar sjølv :-).Dette var ein tradisjon me heldt i hevd - truleg til noko fortvilelse for frukttred eigarane på Sæbønes og Hjellen. men god frukt.
Eva Aarskog
Borna (18.09.2006 kl. 15:57)
Det formelle tenkte ikkje eg på og det er heilt klart at barnehagen har eit ansvar her.Her er ein fin anledning for foreldra og skrive litt om sine meiningar om dette, her i kommentar spalta.Det hadde no vore litt kjekkare å lese, berre det vart brukt fornamn, synest i allefall eg som lesar.Det er selvfølgeleg barnehage og foreldre som har siste ordet her.
Ivar Svein Mo
Beklager, ..... (18.09.2006 kl. 15:22)
men namna held eg nok for meg sjølv, iallfall inntil vidare. Eg må også drøfte med foreldra om det er OK for dei at eg legg ut bilde av barna deira på portalen slik eg gjorde i denne artikkelen.
Hilde Muren
Fint med haust! (18.09.2006 kl. 14:38)
Forstår det at i denne artikkelen om plommeslang, vil helst alle være anonyme, men det er svært mange som ville ha sett pris på at namna på borna kom fram. Tenkjer borna også ville sette pris på det.Tusen takk til barnehagen for at vi får lese om dokke.
Ivar Svein Mo