Dei siste åra har vi arbeidd mykje med lokale segner, og vil no utvide merksemda til korleis ein levde i ”gamle dagar” og nytte bruksgjenstandar, foto og songar. Vi ønskjer at barna skal bli kjent med lokal historie, og vil jakte på spor knytt til fortida vår.
Til dette arbeidet håper vi på hjelp av dykk utanfor barnehagen.
Har nokon av dykk eldre bruksgjenstandar av tre som vi kan låne eller overta? Ei trerive som vi kan smide nye tenner til? Ei tvare som vi kanskje kan bruke til matlaging? - etter jul skal vi lage våre eigne). Ein neverskrubb? – som vi kan lage oss sjølve til våren. Har nokre smykke av treperler som kan inspirere oss til å lage eigne? Koss var det med strikkepinnar før dei vart av metall, var dei av tre eller?
(smykke med treperler) (gryteskrubb av never)
Eller kanskje de har andre bruksgjenstandar som de har lyst å vise/låne oss? Vi har allereie eit vaffeljern av støpejern og ein manuell hjulvisp. Dei planlegg vi å ta i bruk.
Elles lurer vi på korfor vegen rundt barnehagen heiter Kvennavegen. Var her ei kvenn før – og i tilfelle kor var den?
Vi er opne for mange idear, dette kan bli eit prosjekt som vi kan arbeide med over fleire år.
Ta kontakt i barnehagen, eller legg inn ein kommentar under.
Kommentarar
Lær barna gamle ord og uttrykk også så dei forstår utrykka som dei gamle bruker.
Såg berre en gang eg dreiv å pratet om at apalen
var 60 år gammal og ennå var i live.
Ei jente på 20 viste ikkje kva apal var for noko.
Ho lurte vist på kva eg meinte med apal.
apal= epletre
Eit tips.
Kjøp boka som Berta Saure ha skrive om gamle uttrykk.