Oppsumering frå møtet til Hjørundfjord Bygdmobilisering, Styringsgruppa, på Bondalen grendahus, tysdag 22.8.06 kl. 2000.
Desse møtte: Rune Sæbønes, Eldrid Øye, Linda Stokke, Ivar Svein Mo, Kjell Otto Holen, Per Atle Røe, Irene Osvoll og Knut Hustad.
- Gjennomgang av økonomien. Styringsgruppa har i dag ca. kr. 680.000,- disponibelt.
- Gjennomgang av tidlegare vedtekne saker, m.a. gangveg på rampa frå Hustadbrua til Rise.
Sak 29/06. Infanteriløpet Commandoraid 2006. Dette løpet vert no til helga – 25.8. til 27.8.06. Sjølve løpet startar laurdag morgon og vert avslutta med skarpskyting i grustaket på Holen.
Vedtak: Vi prøver å få media interessert i å dekke hendinga denne helga. Dette for evt. å skape blest om Hjørundfjorden.
Sak 30/06. Strandpromenaden på Sæbø/småbåthamna ved hotellet.
Vedtak: Ivar Svein Mo og Kjell Otto Holen tek kontakt med næringssjef Olav Aambøe for å høyre om situasjonen småbåthamna/grunneigarane. Deretter prøver vi å få utarbeidd tekning/kalkulering for strandpromenaden.
Sak 31/06. Bruken av Kapteinskvia i Sandvika på Sæbø.
Vedtak: Styringsgruppa tek på seg utgiftene med å lage plan over området. Ose Ingeniørkontor, Ørsta, skal ha kr. 3.750,- eks. mva. for arbeidet. Dette er under førsetnad av at Sæbø grendalag tek på seg utgiftene med leige av området frå Statsskog.
Sak 32/06. hjorundfjord.no.
Vedtak: Det er stor framgang i bruken av portalen, men vi må etter kvart finne ein redaktør som kan utvikle og gjere portalen betre.
Sak 33/06. Søknad til Ørsta kommune om økonomiske midlar til utvikling av Sæbø sentrum, jfr. tidlegare vedtak om 1 mill. til Sæbø sentrum.
Vedtak: Ivar Svein Mo søkjer Ørsta kommune om pengar.
Sak 34/06. Turistferja på Hjørundfjorden.
Vedtak: Styringsgruppa ser det som svært positivt at fjorden denne sommaren ha fått ei ferje med salong oppe. Vi ynskjer denne ordninga tilbake neste sommar. Styringsgruppa vil gje Fjord 1/MRF tilbakemelding om dette. Knut Hustad skriv brev til MRF.
Sak 35/06. Hjørundfjord fritidsklubb.
Vedtak: Styringsgruppa støttar Hjørundfjord fritidsklubb med inntil kroner 5000,-. Føresetnaden er at pengane vert brukt til å etablere plass på portalen www.hjorundfjord.no
Knut Hustad/skrivar
Kommentarar