6. div. Avdeling 2

LagSVunnetUavgjortTaptMålPoeng
1.Åheim/ÅVK 21592453 - 4129
2.Sæbø1591548 - 2928
3.Bergsøy 21483348 - 2427
4.Åmdal1383237 - 2127
5.Tjørvåg1682645 - 3726
6.Flø1552828 - 4417
7.Moldtustranda1434726 - 3213
8.Kvamsøy1432927 - 4411
9.Gjerdsvika16231120 - 609

 

 Som tabellen syner, ligg Sæbø no på andreplass med 28 poeng, og ein kamp att å spele. Laget er eitt pong bak Åheim/ÅVK2. Bak lurer Bergsøy2 og Åmdal. Tabellen frå fotballkrinsen er endå ikkje ajourført med omsyn til kampen mellom dei to sistnemnda laga. Der møtte ikkje Bergsøy2, og etter alt å døme vil Åmdal få tre poeng ved dom. Då har eigentleg Åmdal 30 poeng medan Bergsøy2 framleis har 27.

Når sluttabellen vert sett, og alle lag har spelt 16 kampar, vil lag nummer ein rykkje direkte opp, og lag nummer to skal spele kvalifisering om opprykk med laget som blir nummer to i andre sjetedivisjonsavdelinga.

Komande laurdag skal Sæbø møte Bergsøy 2 på Sæbø stadon kl. 15.00. Då er det berre ein ting som tel for Sæbø, nemleg siger. Skal Sæbø ha reelt håp om ein kvalifiseringsplass, må Åheim/ÅVK2 gje vekk poeng i sin siste kamp mot Moltustranda.

Sæbø kan dessutan håpe at Åmdal skal tapte ein og ikkje spele betre enn uavgjort i den andre av sine to siste kampar. Det er også nokre andre teoretiske mulegheiter, men vi held oss til dei enklaste, som seier at Sæbø uansett må vinne laurdag.

Dei siste serierundane er slik:

30.09.2006

Flø -Kvamsøy
(Høddvoll kunstgras)
15:00
Sæbø -Bergsøy 2
(Sæbø gras)
15:00
Åmdal -Moldtustranda
(Legene gras)
15:00

07.10.2006

Kvamsøy -Åmdal
(Haugvoll stadion)
13:30
Moldtustranda -Åheim/ÅVK 2
(Munkvoll stadion)
14:00