Sæbø fekk rett nok ein god start. Terje Holen skaut ballen i mål etter eit minut, og alt såg lyst ut.

Men så byrja den dårlege dagen. Etter ti minutt braut Åheim høgt på bana, og utlikna. Etter tjue minutt var Martin Liaskar i Sæbø-målet uheldig, og eit skot frå død vinkel gjekk inn.

Rett før pause heldt et fram. Sæbø fekk straffespark, men dommaren burde ha venta ein tidel med å blåse. Då hadde han sett at Tommy Riise Olsen sette ballen i ope mål. Strafesparket sette Espen Frøland utanfor.

I andre omgang gjekk alt i mot Sæbø. Tre av Åheim sine fire mål i denne omgangen kom etter store glippar ein vanlegvis ikkje ser. Og ein gong var det rein uflaks, eller kva skal ein seie om ei klarering som går i låret på ein motspelar, og dalar i mål frå atten meters hald.

Sæbø sine mål i andre omgang kom ved Marius Riise på ei gjennomløping og på eit hjørnespark.

Rett skal likevel vere rett. Sæbø tapte fordi Åheim var eit betre lag i denne kampen. Sæbø slit for tida både offensivt og defensivt. UNnødige balltap gjev motstandarane gode kontringssjansar for ofte, og omstillingsevna til spelarane er for tida for dårleg. For mange vert ståande i forsvar og sjå andre spelarar jage ei kontring,og for mange spelarar vart ståande att i angrep og sjå motspelarane kontre. Spelarane er for stressa med ball, og for slappe utan. Slikt vert det ikkje poeng av.

Laurdag har Sæbø sjansen til å finne att haustforma. Då er Kvamsøy motstandar på Kvamsøya.

6. div. Avdeling 2

LagSVunnetUavgjortTaptMålPoeng
1.Åmdal1283135 - 1627
2.Åheim/ÅVK 21382348 - 3326
3.Sæbø1481544 - 2725
4.Bergsøy 21373342 - 2424
5.Tjørvåg1472538 - 3023
6.Flø1451826 - 4216
7.Moldtustranda1333724 - 3012
8.Gjerdsvika15231020 - 569
9.Kvamsøy1222821 - 408