Admiralar 001Admiralar 011

På ettermiddagen sist fredag sat det fleire ti-tals admiralar på ei plante ute i hagen.  Dei fann tydelegvis noko søtt.  Ikkje var dei så skjerre heller.  Tydlegvis hadde dei hastverk, men på kva?  Gjeld det å ete seg oppfør dei døyr?  No har eg lese - i dag også i Møre Nytt - at ingen overlever her i landet.   Triste greier.

Sist fredag var eg på ein fjelltur. I ca. 1100 meters høgde, flaug der ein forbi meg -på veg oppover.  Kjem dei ned att frå fjellturen?  I helga sanka vi også sauer.  Mange av oss har heilt sikkert sett sommarfuglen langt til fjells.

Admiralar 016

Her ser vi to admiralar.  Skal tru om dei har tenkt seg på Grøttdalstinden etter måltidet?

Laurdag skulle eg hente meg nokre plommer.  Men plommene hadde teke til å sprekke.  Det hadde admiralane oppdaga også.  Der var nemleg ca. 50 av dei i plommetreet.