I mange år har vaksne og barn brukt kniv i barnehagen, og vi har smidd mange pinnar og somme tider fingrar. No ønska vi å lære oss og barna meir om bruk av kniv. Ikkje på kvarandre, men til å forme i rått treverk.

Vi fekk prøve ulike knivar, og fant etter kvart fram til ein type som var høveleg for små barnenevar. Dei gamle store smideknivane vart ”kassert” og nye kjøpt inn. Vi smir framleis pinnar, men no er pinnane blitt bruksgjenstandar: kakestikker, blomepinnar, stavar, fiskestenger og musikkinstrument. Slikt gir støle musklar – iallfall på utrena vaksne.

KakeRingspel

I barnehagen tar barna etter oss vaksne, no skal dei også smide ulike pinnar. Ekstra kjekt er det å male pinnane etterpå.

Dei vaksne har og lært å smide rør – det vil seie å hole ut emne til rør. Først borer eit hol i emne som sit fast på rot. Deretter sagar ein av rett lengde, og avsluttar med å smide ut til eit rør med tynne fine veggar. Slik de ser under.                

Aa_s                Å smide rør - 2                  å lage rør - 3

Dette har ikkje barna vore med på enno, vi manglar godt verktøy til å bore det første holet i emnet. Kanskje nokon har eit bor liggande som barnehagen kan få bruke? Eit bor slik de ser til høgre og venstre på bildet under.

Bor

Mange blir redd når dei ser små barn arbeide med kniv. Vi har erfart at barna er kompetente og svært lett lærer å smide. Dei er rett nok små, men dei både kan og vil! Iallfall når vi vaksne er trygge på aktiviteten. Å arbeide med kniv er i tillegg eit handverk med lange tradisjonar i Hjørundfjorden – tradisjonar som vi ønskjer å føre vidare.