Eg er ganske fersk i faget, og har ikkje tort å plukke anna enn kantarell før, eller kanturell som ungane seier, og sidan kantarell-sesongen byrjar å avta kan det vere greitt å ha med ein proff som kan lære oss andre sortar, for me vil no ikkje gjennom noko dialyseprogram....
Her er eit bilete av ein vanleg kantarell
Rett nok fann me ikkje så mykje kantarellar, men piggsopp og traktkantarell var der mykje av. Sopp- konsulenten seier at om ein skal plukke piggsopp er det lurt å ta med kniv og ein børste. Først børstar du av soppen, så skjer du den litt opp for å sjekke om det er gått makk i han, det er også lurt å ha ei korg å plukke i og gjerne nokre boksar oppi så du har høve til å sortere
Piggsopp
Neste sopp me lærte var trakt-kantarell, dei ser ut som vanlege kantarellar, men er mindre og mørkare, og skal ha den karakteristiske trakta oppå hatten.
Traktkantarell
Det var ikkje så lenge me plukka, men fangsen var me godt nøgde med:)
To blide jenter på sopptur
Når ein så kjem heim med soppen kan det være lurt å reingjere den og forvelle den, så kan den puttast i frysaren og brukast i sauser og supper eller som den er godt steikt i lag med kjøtt. Nam-nam.......
P.S Me røper naturligvis ikkje plassen
Fann kantarellar i dag (25.12.2006 kl. 21:10)
Då eg tok meg ein tur ut i dag, kom eg faktisk over fine friske kantarellar i skogen. Det må vel vere heller uvanleg på denne tida. Eg har aldri plukka sopp 25.desember før. Fann også traktkantarellar, men den er det meir vanleg å finne etter at snø og frost har meldt sin ankomst. Noken andre som har observert liknande ting ute?
Lisbeth Aklestad
Uoffesiell felles sopptur? (03.10.2006 kl. 15:04)
Skal me ta oss ein uoffesiell fellestur på Søndag? Så kan me eventuelt ta igjen kurs/tur med soppkontrollør neste år?
Er det nokon som veit om ein god plass? Korleis er det med granskogane i Kvistaddalen?
Unn Frøland
Kan enno finne ein del sopp (03.10.2006 kl. 13:44)
Sesongen er nok litt på hell no, men eg og Unn fann rikeleg med piggsopp,kantarell og traktkantarell før helga. Visst ein vil ha eit større mangfald av artar er det nok ein ide å ta eit slikt arrangement litt tidlegare, t.d. i september. Men for den som er glad i traktkantarell kan den plukkast lenge framover enno.
Lisbeth Aklestad
Fint tiltak her. (03.10.2006 kl. 11:24)
Har sendt idéen over til fylket og lurer på om vi kan få bistand ved å sette i gong med evt.kursing eller ein temadag.Er det for seint på sesongen i år, kva meiner dykk? Dette er nok tema på mobliseringsmøte for mat på Rekkedal gjestehus den 17.10 (Sjå artikkel og aktivitetskalender)
Ivar Svein Mo
Sopp er ein lite nytta ressurs (03.10.2006 kl. 11:07)
Å nytte soppressursane er svært interessant både som ingrediens i lokalt tillaga mat, men også for sal. Eg brenn litt for traktkantarellen som eg har brukt i mange år. Ein litt unnseleg sopp som er god og finst i store mengder. Eg skal legge inn forslg til ein rett i morgon.
Per Atle Røe
Per Atle Røe
Eg blir med (03.10.2006 kl. 10:23)
Eg blir gjerne med. Nokre gode matsoppar kan eg, men ekspert er eg nok ikkje. Det finnast eigne godkjende soppkontrollørar som ein kan få kontakt med gjennom nyttevekstforeininga. Hadde vore lurt å få tak i ein slik dersom ein skal ha ein felles sopptur. Elles er her nok fleire ekspertar i dalen.
Lisbeth Aklestad
Lisbeth Aklestad
God ide (01.10.2006 kl. 22:27)
Eg blir gjerne med på ein fellestur, det kan no hende soppkonsulenten på Årseth også vil være med på det. (-svar her då Lisbeth!)
Hadde meg ein tur i ettermidag men fangsten var dårlig, viss fleire skal gå i lag må det helst være ein stad der ein finn ein del....
Eg veit ikkje kven fagkunnige me kune hørt med, men Lisbeth kan ein del.
Unn Frøland
Felles sopptur (01.10.2006 kl. 17:10)
Ja, god ide. Eg liker godt å plukke sopp, god matauk og fine turar. Ofte vil ein gjerne vite meir, og soppturane i Aasen-tunet er kjekke å vere med. KJempefint om noko liknades kunne arrangerast her. Kanskje i samarbeid med Hagelaget - som og bruker ha soppturar i Ørsta og omegn.
Hilde Muren
Kva med kurs for andre her? (01.10.2006 kl. 13:30)
Ein høgst aktuell sak, dette er noko dei aller fleste ikkje kan noko om. Dette kunne no være aktuellt som ei markvandring eller kall det kurs om du vil.Har vi ekspertisa i dalen, eller må vi eventuellt hente fagkunnige utanfrå? Fin artikkel som sikkert mange har glede av.
Ivar Svein Mo