Frå venstre: Trygve Holen, Karl Holen. Ole Johan Riise(for ung), Magnar Aklestad. Anders Holen, Edvard Valseth, Jakob Hustad(alt for ung) og Mattis Mathiesen (gjest).
Kvar fredag treff du fleire herremenn i sin beste alder på kafe Bellingen på Sæbø. Der vert det servert kaffi og blautkaka - og mindre og større problem vert løyst.
I dag var oppmøtet ikkje det beste. M.a. konstaterte Magnar at Ole Standal hadde svikta, men han la straks til at Ole nok hadde ein lovleg grunn til fråveret. Standal-Ole brukar ikkje å vere fråverande utan grunn. Elles var Anders Holen litt seint ute(ikkje uvanleg), men i dag hadde han gyldig grunn - plenen måtte klippast ferdig før helga sette inn.
Og kven kan møte? Ja, sei det. hjørundfjord.no sin utsende er i alle høve med sine 47 år alt for ung. Nei, det hjelper nok på om du i alle høve nærmar deg pensjonistalderen.
Kommentarar