
Denne quizen er kanskje i lettaste laget. Likevel; kva slags insekt er dette? Fotoa er ca. 14 dagar gamle og diverre var det litt skymt då eg fotograferte vedkomande.
Sidan denne nok er i lettaste laget, må de gjerne kome med opplysningar om vedkomande. Kvar held han til, kvar kjem han ifrå, finns det ulike typar osb. Eg lærde sist mykje om Admiralen - sommarfuglen. Kunnskap om insektet over (er det insekt forresten?), vil kome godt med.
Augestikkarnymfer (24.09.2006 kl. 17:33)
Det er to typar av augestikkarnymfer. Dei største blir kalla libellar og er breie og butte i forma. Dei slanke, noko mindre blir kalla vassnymfer.
Illustrasjon av nymfene kan ein finne på:
http://www.miljolare.no/aktiviteter/vann/natur/vn14/ferskvannsdyr.php
Tor Eirik Trandal
Augestikkar - farleg? (24.09.2006 kl. 17:30)
Augestikkaren er fullstendig harmlaus for menneske, og han manglar også noko å stikke med, står det på internett. Han har altså fått seg eit rykte som tilseier at han er farleg, men er igrunnen fullstendig harmlaus. Kanskje ei fordel for denne augestikkaren?
Tor Eirik Trandal
Og namnet tyder: (24.09.2006 kl. 13:33)
Augestikkaren høyrest farleg ut, og går han til åtak på auge til menneske? Her er svaret på namnet: I sko er det hol til å tre lissene igjennom. Det er slike hol, eller auge, som har gitt augestikkaren namnet. Kroppen til den store augestikkaran liknar nemleg ein reiskap som skinnmakaren brukte for å lage hol i lær.
Rune Sæbønes
Augestikkarlarvar (23.09.2006 kl. 10:13)
Det kan nok stemme det, Knut. Eg vil berre føye til at larven til dette harmlause dyret er eit glupsk rovdyr som lever på botnen av vatnet. Hugsar vi fanga ein på naturfagekskursjon i fjor i Hovdetjønna, den var omlag 5cm om eg ikkje hugsar feil.
Augestikkarane også ordna i to, libellar og vass-nymfer, veit nokon kva dette er? ;)
Unn Frøland
Eller kanskje radio? (23.09.2006 kl. 00:32)
For ikkje lenge sidan fekk eg med meg på radio at augestikkaren kunne bruke opp til tre år før han kom ut som fullverdig augestikkar. Mora la egga t.d. på eit blad ved eit vatn e.l. så datt egget etter kvart ned i vatnet. Der utvikla den seg etter kvart til ein augestikkar. Men var forholda for egg m.m. gode, kunne det vere nok med eitt år/ein sesong før den var fiks ferdig. Men som augestikkar levde den ikkje lenge. Stemmer dette?
Knut Hustad
Bok?? (22.09.2006 kl. 23:29)
Bøker er vel det minst brukte medium når det gjeld å finne tak i informasjon.. iallefall her i heimen. Eg brukar godt gammaldags internett. Finn eg det ikkje der så får det heller vær! =)
Tor Eirik Trandal
Det tok litt tid.. (22.09.2006 kl. 20:28)
....før eg fann ut kvar i artikkelen svaret sto, så eg har lese denne nokre gongar, men du har sjølvsagt gjort som det er vanlig, nemlig å gi bildet eit navn.. Blåfargen på øyenstikkeren var flott og det er nok som Rune har svart på første kommentar på latin, nemlig Fjelløyenstikker i familien Mosaikkøyenstikkere. Men eg fann ingenting om kvar dei lever, om dei dør i løpet av hausten eller lignade, mulig at ein må bruke leksikon eller ei god gammaldags bok : ) Artig med slike quizer!
Vibeke Mo
Mykje meir å seie (22.09.2006 kl. 20:02)
Det er mykje meir å seie. Kvar er det norske namnet på arten. Augestikkar er ikkje nok. Vidare, kva lever insektet av? Og ikkje minst: Kvifor heiter det augestikkar?
Rune Sæbønes
Flause (22.09.2006 kl. 16:52)
Det er vel ikkje meir å seie?
Knut Hustad
Dette var ikkje så vanskeleg (22.09.2006 kl. 09:38)
.. for svaret står faktisk i artikkelen =)
Tor Eirik Trandal
Den var fin. (22.09.2006 kl. 09:37)
Den kommentaren likte eg Unn. Vi treng vel meir opplysningar for svaret kan avslørast?
Knut Hustad
Farlig dyr (22.09.2006 kl. 09:10)
Eg kjenner ein som kjente ei som hadde en grandonkel som hadde ein tremenning og han visste om nokon som fekk augene stokke ut av nettopp ein slik!
Unn Frøland
Fjelldyr? (22.09.2006 kl. 00:39)
Kan det vere ein Aeshna careulea?
Rune Sæbønes