No er vi rett nok utanfor hessesongen, men når ein ivrig brukar av hjorundfjord.no,  Asbjørn Hustadnes, tek på seg bryderfiet med å lære om hesjing i land med meir nordavind enn på Hustadneset, ja, då må sjølvsagt fotografia ut her på portalen.

Island og Færøyane 2006 173 

Hesjing på Færøyane.

Heretter skal eg aldri gramme meg om det kjem aldri så mykje vind i hesjesesongen.  Utfordringane - som det no heiter - med å få graset til å henge i hesa, er nok uansett større på Færøyane enn her.  Eg vil også tru at Einar Arve Nordang vil gjore stor suksess med si hæs-tech metode på Færøyane.  Om dei to gjetarhundane i tillegg skal passa på hesa til graset er tørt, er eg meir usikker på.  Kanskje må vi som hesjar leige hund av Odd Bjarne Bjørdal?

Island og Færøyane 2006 044

Her eit foto frå Island.  Litt større areal enn det vi er vande med her i Hjørundfjorden.  Og kva med Islandshestane?  Vert ikkje dei brukt til mat?

Til slutt tek vi med eit foto frå Island.  Rundballesesongen var tydelegvis ikkje slutt på Island siste veka i august.

Takk til onkel Asbjørn for fine foto.  Eg reknar med at han vil registrere seg som brukar av hjorundfjod.no  slik at han kan kome med meir utfyllande kommentarar.