På Landbruksdagen i Valdres 9.september hadde ein fotograf samla inn gamle bileter og tatt bilder frå same vinkel i notid. Dette for å vise kulturlandskapet i endring.
Eg tenkte at dette kanskje kunne vere med på binde saman dagens digitale fotoglede, med å leite etter landskapsbilder frå Hjørundfjorden tatt i eldre tid, og ta eitt nytt bilde for å sjå kva som har skjedd. Bildet skal då takast frå same vinkel og i same årstid.
Kanskje kunne det vere eit tips for ei utstilling på neste års Hjørundfjorddagar? Ei prosjektoppgåve for foto-interesserte skuleelevar? Eller kanskje noko som kan brukast på Hjørundfjordportalen?
Eit tips her frå ei anna utstilling: http://www.nijos.no/tilbakeblikk/
Kommentarar