
Som de sikkert har oppdaga, er dette biletet teke på Langhornet i Kvistaddalen i dag. Eg er ikkje sikker på svaret sjølv så vi må ha eit presist svar. Kva slags fugl er dette? Er det ungfugl, eller er det ein gammal ein. Det var to stykker av arten. Dessverre er ikkje bileta av god kvalitet. Med sterk zoom var det vanskelg å finne dei igjen i søkaren

Eg tek sjangsen på å legge ved eit dårleg foto til. Det var altså to stykker av ørnene. Kan det stemme at dei er lysare i hovudpartiet, eller er det sollyset som lurer oss?
Havørner frå Haram (23.09.2006 kl. 16:17)
Eg fann nokre bileter av ei havørn frå Haram, den er noko lysare i hovudpartiet. Ser du på eit av bileta så får du litt av same effekta du ser med lyst hovud.
http://www.westcoastpeaks.com/Peaks/grotshornet2.html
Det er elles veldig mykje flotte bileter frå vårt distrikt på denne sida - http://www.westcoastpeaks.com
Roy-Magne Mo
Eit foto til. (23.09.2006 kl. 16:12)
Sjå nytt siste avsnitt.
Knut Hustad
Ørner (23.09.2006 kl. 13:03)
Var vølet eg reagerte på, men det skal visst vere vingane som gjer den mest karakteristisk. Ørna har "kvadratiske" vengar, det ser du veldig godt på det eine biletet. Havørna er visst berre ein pusling i forhold til Kongeørna når det gjeld å ta bytte, så det er ein grunn til at Kongeørna er kongen :) Har observert to ørner over Skårasanden, har innbilt meg at det har vore Kongeørner, men det er absolutt mogleg at det kan vere desse to fuglane.
Eg og far var ein gong på Skårasalen når me fekk auge på ein rovfugl som låg heilt stille på oppdrifta og observerte, ein fantastisk vinkel på fuglen - trur det må ha vore ein fjellvåk.
Roy-Magne Mo
Takk for svar. (22.09.2006 kl. 22:48)
Ja, eg såg ned på dei. Eg sat oppe på langhornet og kika etter sau då eg oppdaga ein stor fugl langt under meg. Eg fekk ikkje fargen heilt til å stemme med ei kongeørn - som eg trudde det var. Men før eg hadde fått fram kameraet, var den forsvunne innunder fjellet. På veg ned høyrde eg plutseleg noko over meg - fuglelydar som eg ikkje hadde høyrt før. Det var to ørner, men eg såg at vølet var lyst - eller var det p.g.a. sola? Eg fekk no fotografert dei, men med sterke zoom fekk eg dei ikkje inn i søkjaren. Etter den tid heldt dei seg i området i alle høve tre kvarter. Takk for opplysningane Roy-Magne.
Knut Hustad
Ein flott fugl (22.09.2006 kl. 19:40)
Er heilt klart ei havørn, ein fullvoksen/gammal fugl - det ser ein på det kvite vølet.
Var du så heldig at du fekk sjå ned på dei?
Roy-Magne Mo