I dag, laurdag 16. september - den offisielle sauesankardagen i Ørsta kommune - vart sauene til Lasse(Lars Johan Sæbønes) frakta tilbake til Sæbøneset etter ein 3 og ein halv månandars ferie i Maradalen.  Same kor ein snur og vender på det, er sauesankinga den store høgtidsdagen for ein sauebonde.  Men for Sæbønessauene er også dette ein høgtidsdag - dei vert frakta over Hjørundfjorden med hurtigbåt - M/S Hjørundfjord med Oddvar Olsen som skipper.

16. september 026

Her kjem dei første sauene i land på Mineset. Johan Sæbønes til venstre, så Dagfinn Strand og Rolf Riise i raud bukse.

 

 

 

 

 

16. september 030

 

Så er dei same tre karane som nemnt ved foto over, på veg tilbake til Maradalen. Vi nyttar her høvet til å gratulere Sæbø-trenar Rolf Riise(t.v.) med 4-2 siger over Kvamsøy

 

 

 

.

16. september 02916. september 034

Daffa(Dagfinn Strand) har god grunn til å glise(t.v.).  Som leiar i fotballgruppa set han pris på ein 4-2 siger, alt går fint med sauefrakta, ferie frå bakeriet og i morgon vinn AaFK, kan ein ha det betre?  Til høgre dirigerer Daffa M/S Hjørundfjord inntil land i Maradalen.

16. september 04016. september 047

Til venstre ser vi fyrste sauen kjem ombord til ei vakker sjøreise.  Onkel til saueeigar Lasse, Johan Sæbønes(t.v.) kjem med gode råd.  I bakgrunnen ser vi Askjell Hustad - ein av dei som henta sauene oppe i Maradalen.  Til høgre ein annan sauesankar.  Nei, ikkje Daffa, men Normann Dimmen( i svart gensar).

16. september 05716. september 06216. september 066

Til venstre ser vi Lasse - ein sliten, men nøgd saueeigar.  Så ser vi Johan som sjekkar at M/S Hjørundfjord er på rett kurs.  Til høgre ei glad Nutte(Kanutte Strand), syster til Lasse.  Sauen v/Nutte har vore på besøk hos Nutte ved gjetarhytta i Maradalen fleire gonger i sommar.

16. september 055Normann heilt til venstre, så Daffa.  Den vakre Miendalstinden(Holmshornet) i bakgrunnen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

16. september 06316. september 070

Foto til venstre: Sauesankar Øystein Brekke(t.v.), så saueeigar Lasse.  Deretter ser vi Normann og heilt til høgre Daffa.  På foto til høgre går pulje to av sauene i land på Mineset.

Og vi var alle samde om at det hadde vore ein gild dag...

No må ein heilt til slutt sjølvsagt  legge til at Lasse hadde sauer i Kvamsedalen også.  Dei saueeigarane som hadde sauer der, sanka dyra sist helg.  Og neste helg?  Ja, då skal vel dei aller siste dyra som gøymde seg i skogen på Maradalssida av fjorden hentast...  Slappe av kan ein gjere seinare.