I dag, laurdag 16. september - den offisielle sauesankardagen i Ørsta kommune - vart sauene til Lasse(Lars Johan Sæbønes) frakta tilbake til Sæbøneset etter ein 3 og ein halv månandars ferie i Maradalen. Same kor ein snur og vender på det, er sauesankinga den store høgtidsdagen for ein sauebonde. Men for Sæbønessauene er også dette ein høgtidsdag - dei vert frakta over Hjørundfjorden med hurtigbåt - M/S Hjørundfjord med Oddvar Olsen som skipper.
Her kjem dei første sauene i land på Mineset. Johan Sæbønes til venstre, så Dagfinn Strand og Rolf Riise i raud bukse.
Så er dei same tre karane som nemnt ved foto over, på veg tilbake til Maradalen. Vi nyttar her høvet til å gratulere Sæbø-trenar Rolf Riise(t.v.) med 4-2 siger over Kvamsøy
.
Daffa(Dagfinn Strand) har god grunn til å glise(t.v.). Som leiar i fotballgruppa set han pris på ein 4-2 siger, alt går fint med sauefrakta, ferie frå bakeriet og i morgon vinn AaFK, kan ein ha det betre? Til høgre dirigerer Daffa M/S Hjørundfjord inntil land i Maradalen.
Til venstre ser vi fyrste sauen kjem ombord til ei vakker sjøreise. Onkel til saueeigar Lasse, Johan Sæbønes(t.v.) kjem med gode råd. I bakgrunnen ser vi Askjell Hustad - ein av dei som henta sauene oppe i Maradalen. Til høgre ein annan sauesankar. Nei, ikkje Daffa, men Normann Dimmen( i svart gensar).
Til venstre ser vi Lasse - ein sliten, men nøgd saueeigar. Så ser vi Johan som sjekkar at M/S Hjørundfjord er på rett kurs. Til høgre ei glad Nutte(Kanutte Strand), syster til Lasse. Sauen v/Nutte har vore på besøk hos Nutte ved gjetarhytta i Maradalen fleire gonger i sommar.
Normann heilt til venstre, så Daffa. Den vakre Miendalstinden(Holmshornet) i bakgrunnen.
Foto til venstre: Sauesankar Øystein Brekke(t.v.), så saueeigar Lasse. Deretter ser vi Normann og heilt til høgre Daffa. På foto til høgre går pulje to av sauene i land på Mineset.
Og vi var alle samde om at det hadde vore ein gild dag...
No må ein heilt til slutt sjølvsagt legge til at Lasse hadde sauer i Kvamsedalen også. Dei saueeigarane som hadde sauer der, sanka dyra sist helg. Og neste helg? Ja, då skal vel dei aller siste dyra som gøymde seg i skogen på Maradalssida av fjorden hentast... Slappe av kan ein gjere seinare.
Kommentarar