Samarbeid med frivillige organisasjonar
    
      Frivillig arbeid vil stå sentralt når prosjektet Livskraftige kommunar blir sett i verk her i fylket. - Målet med prosjektet er å få i gang eit systematisk arbeid for å utvikle ein meir offensiv politikk for miljø og samfunn i alle kommunar i fylket, fortel Synnøve Valle som er tilsett som prosjektleiar.

 


      Alle kommunane i fylket er no inviterte til å delta i prosjektet som blir koordinert av KS i samarbeid med Møre og Romsdal fylke.

      - I Møre og Romsdal vil vi i legge spesielt vekt på samarbeid mellom kommunar og frivillige organisasjonar, seier Synnøve Valle. - Frivillig arbeid er i endring. Før stod folk i frivillig arbeid samanhengande i fleire tiår. I dag må ein gjerne ha eit definert prosjekt for å få folk til å slutte opp om frivillig arbeid, seier Synnøve Valle.

      - Denne endringa representerer eit stor utfordring som vi no vil arbeide med i prosjektet Livskraftige kommunar. Prosjektet skal gå over tre år.  - Frivillige organisasjonar på fylkesnivå vil bli inviterte til to samlingar i året for å få i gang ein dialog. Vi vil vite kva saker og spørsmål dei er opptatt av, og forslag til korleis frivillige organisasjonar og kommunar kan samhandle. Kanskje kan vi i neste omgang utvikle partnarskapsavtalar mellom frivillige og kommunar, prosjektleiar Synnøve Valle.

      Kontaktperson:
      Prosjektleiar Synnøve Valle , Livskraftige kommunar
      telefon 71 25 89 14 / 911 83 866


      (22.09.2006)