Bilete frå Hustad som viser vegen til Grøttdalsflyet
På bilete ser vi Heimsteholen og ruta oppover i Nøvedalen/Lisjedalen og Grøtdalen. Bréen bak Grøtdalstinden viser berre så vidt og er rekordliten i år.

 Pappa kom på sist søndag og spurde om vi skulle ta oss ein tur i Grøtdalen og sjå etter flyet i dag i det fine véret. Eg hadde vore småsjuk nokre dagar, men dette var noko eg hadde hatt lyst til lenge så eg var ikkje sein til å bestemme meg. Vi pakka sekken og tok med det mest nødvendige og starta på turen ved å køyre nedover Moasida for å ta bilde av vegen oppgjennom til Grøtdalstinden der flyet ligg. Pappa køyrde om Hustadbrua og parkerte bilen på parkeringsplassen nede på Holen og vi begynte å gå oppover mot Nøvedalen på Aklestadsida.

Vi måtte innom Urselet
Vi stoppa og såg på restane etter det gamle Urselet til Aklestad og Holen
.

Etter ei stund så kryssa vi Holeelva og gjekk på den sida til vi kom til Årskogstøylen som vi ser heimafrå på Kvistad. Pappa måtte vise meg det fine gamle Urselet og det skal verte kjekt å ta seg ein tur å sjå på det når dette vert restaurert. Her hadde vi oss ein matpause før vi gjekk igong på den bratte stigninga opp til flyet. 

Konevatnet

Kone
Konevatnet ei stykke ovanfor Årskogstøylen.  Her ser ein kor rundt Konevatnet er.

Når vi hadde gått eit stykke til så kom vi til Konevatnet som vi skulle ta av oppover til venstre ved. Dette vatnet er trillande rund og djupt, og kan minne om eit nedslag frå ein meteoritt, men det er sikkert fonna som etter mange tusen år som har laga det.

No starta fjellturen for alvor og vi gjekk bratta oppover Vasshjellane som vi hadde vorte anbefalte av kjentfolk at vi skulle gjere. Dette gjekk fint og vi kvilte når vi trengte det, og det var spennande for snart skulle eg få sjå flyvraket. Når vi kom oppmot fjellet og venta at her skulle vraket ligge så fann vi ikkje noke og gjekk att og fram, men ikkje noke vrak å sjå. Nei no såg det dårleg ut, og pappa var lei seg for dette hadde ikkje vore noko problem dei to gongane han hadde vore der før, for då hadde han med farfar som visste nøyaktigt kvar det låg. Flyet gjekk ned i slutten av krigen 16.februar 1945 og då var farfar 20 år og var med i den store gruppa som var opp og henta deler av vraket som dei selde til bedrifter som trengte stål.

Når alt  såg ut som å være håplaust så kom pappa på at vi kunne ringe til Kjell Otto(Holen), for her var fine forhold for mobil, og det gjorde han og då fekk vi tips kvar det var. Problemet hadde vore at vi hadde gått opp ein plass som pappa ikkje hadde gått før, og ikkje kjende seg igjen, men når Kjell Otto sa at det ligg rett under den mektige Grøtdalstinden var det ikkje lenge før vi fann vrakdelar og sjølve vraket.

Endeleg fann eg ein vrakrest, no er det håp og finne resten

Her er delar som kjem frå vraket lenger oppe, som fonna har teke med seg nedover. No må det være håp å finne sjølve vraket 

Flyet låg under den mektige Grøttdalstinden

 Jau no fann vi vraket, og her ligg den store 12 sylindra Daimler Benz motoren. Vi ser no oppover ura rett nedanfor Grøtdalstinden og bréen her er så liten som den kan være i år, for varmen i år har gjort sitt på bréen, sjølv om her er lite sol. I februar 1945 var her mykje snø og flyet gjekk inn i bréen og gleid oppover så skadane var ikkje så store, så bygdefolket fann mykje brukbart etter krigen.

 Vi kom no opp til sjølve vraket vi leitte etter og no var stemninga god, men eg hadde innbilt meg heile tida at her skulle det være meir, men her har det vore folk i over 60 år og teke med seg noko ned, så det minka for kvart år. Noko artigt som pappa fortel er at inni vingane var bensintankane og dei var laga av gummi, fordi når ei kule gjekk igjennom så vart det ikkje så stor lekkasje og flyet kunne kome seg tilbake til basen før tanken var tom. Desse gummitankane var tekne av folk og brukt til å lage tøfler og solar til sko og støvlar. Dette er merkeleg når vi no veit at slikt kan i dag vi få kjøpt i butikken.

Eg fann noko av ein gamal slage  

No ser ein retninga mot Sæbø og Norangsfjorden der flyet var skote ned, i februar 1945. I  den varme haustdagen i dag, var det mykje vassdamp i lufta og sikta var dårleg ned på fjorden.- Eg fann noko av ein gamal gummislange.

Jau her var vrakplassen, men motoren har sett sine beste dager

Her var den store motoren som hadde brølt gjennom lufta for over 60 år sidan. På den rusta akslingtappen med hol i, var propellen direkte skrua på  motoren som stod oppned. Dette var eit av toppmodellane av flya, som tyskarane hadde i slutten av krigen, med ein 19år gamal flygar om bord.

Skal tru om denne kunne gå rundt att

 Skal tru om denne akslingen kan gå rundt meir nokon gong?

Når vi sit her i vrakgodset og ser nedover mot fjorden, så tenker vi på kva som skjedde denne dagen, den 16.februar i 1945, når flyet Messerschmidt 109g-6 havarerte i Grøtdalen. Den19 år gamle flygaren om bord måtte ha vore svært redd. Farmora mi såg det, ho var nede på gamle Rise og ho såg flyet kom inn fra fjorden, der det hadde blitt treft av ein Mustangjagar. Det tyske flyet fór i retnig mot Grøttdalen og der datt cockpitdekselet av og det kom svart og kvit tjukk røyk frå flyet. Plutseleg så såg farmor noko som likna ein paraply, og det var den 19 år gamle Georg Ecke frå Quelinburg nær Magdeburg i Aust Tyskland, som hadde hoppa ut i fallskjerm. Farmor fortel også at det vart laga brudekjole til ei som skulle gifte seg på Store Standal, av det fine lin eller silke stoffet i fallskjermen. Kort tid etter at flyet styrta ved Grøttdalstinden så landa flygaren Kalvedalen.

Medan alt dette skjedde oppdaga folk at ho var ute og ho måtte øyblikkeleg kome innatt. Folk på Rise hadde fått beskjed av lensmannen at dei ikkje måtte vere ute når det var flykrig over bygda, for det hagla ned med splintar og tomhylser som kunne treffe dei. I bygda ellers var det stor interesse for det som skjedde for noko slikt hadde ingen opplevd før.

Skal tru kva flygaren tenkte når han såg flyet gjekk i bakken og han sjølv hang i fallskjermen og tenkte på kva som ville møte han på dei andre sida av fjella? Han hadde visst vore nedskoten ein gong før også.

Nei no er klokka snart 18.00 så det er på tide å begynne på nedattturen.

Vi ser oppatt og tenkjer korleis det hadde vore den dagen flyet gjekk ned

Vi gjekk nedover ryggen på Grøttdalen og måtte snu oss mange gonger når vi gjekk nedover for å sjå kvar vi har vore. No vil i allefall eg huske kvar flyet ligg.Den raude pila på bilete viser flyvraket

Pappa har no etter vi kom ned snakka med Ole A.Standal på Store Standal og han kan bekrefte det med bruken av fallskjermstoffet, men det er ein feil i opplysningane og det er det at det vart sydd to brudekjolar i eit dobbelbryllaup i Olagarden på Standal, og han var gjest i det bryllaupet. Det var i 1946-47  Johanne og Marta Standal gifte seg med brudekjolar av kvit silke eller lin. Det var Jens og Bernt Standal som fann fallskjermen der han landa i  Koppane. Flygaren kome ned på Myklebust sætra om kvelden og overnatta berre 20 meter frå Møllerhytte under ei furue og hadde ikkje tort å bryte seg inn i hytta. Dette gjorde inntrykk og vitna om ein redd og skikkeleg kar. Han kom seinare på dag ned i Follestaddalen til Jon Årsæther, som tok seg av han og hjelpte han videre.Flyet vart ikkje funne før i september av Oddmund Aklestad. PÅ slutten av krigen leitte tyskerane etter flyet medan dei budde på skihytta på Standaleidet, men dei fann ikkje noko vrak, og konklusjonen var det at det måtte være eit Engelsk fly folk hadde sett, for tyske fly hadde ikkje vortne nedskotne denne dagen...

Han hugsar godt det store flyslaget med fleire flystyrt i Hjørundfjorden, og det er noko som kom inn i minnet som gutunge for alltid, for han var på Sæbø akkurat denne dagen. Alle folk var ute for å sjå og ingen forstod kor farleg det var. Han minnést også at flya slapp bensintankar som kom dalande i lufta. Ein tank landa framom Hustadbrua og ein i presteskogen. Det var ein fin og klar dag og flya styrta på ettermiddag og det hadde då begynt så vidt å skymest.

Fin tur på ein fin haustdag på søndag 17.septemer 2006. 

 

 Sondre Kristoffer Mo