BjarneOrsta

Eivind Vartdal Ryste: Fylkesagronom i Møre og Romsdal fylke, landbruksavdelinga, gift med fagrådgjevar i Gilde, Marianne Aas Halse, far til to barn - nesten tre, son til Jorunn Vartdal Ryste og Kolbein Ryste, Ørsta.  Og sist men ikkje minst:  Tidelgare aktiv storløpar i langrenn. 

Denne mannen tek no over etter Synnøve Valle som kontaktperson i Møre og Romsdal fylke for Hjørundfjord bygdemobilisering.  Under kjem det eksklusive intervjuet.  Spørsmåla til hjorundfjord.no i kursiv.

Gratulerer med ditt til no viktigaste verv.

Du tenkjer på vervet som kontaktper...

Ja.

Tusen takk

Men du er mann.

Ja...

Er du ikkje klar over at det er mangel på kvinner i rett alder i Hjorundfjorden?

Jau, men...

Vil det seie at vi endeleg har fått ein kontaktperson som vil kjempe mannen si sak?

Nei, slett ikkje.

Å?

Sjølvsagt vil eg prøve å vere profesjonell og kjempe for heile Hjorundfjorden og alle dykk som bur der og kanskje vil flytte dit.  Det må likevel understrekast at jentene og kvinnene er svært viktige.  Som vi mannfolk veit, er det menn der det er kvinner.  Men ikkje nødvendigvis omvendt.

Slike bygdemobiliseringsprosjekt  - har du noko tru på dei?  Eller er dei til berre  for å skaffe byråkratar arbeid?

Sjølvsagt har eg god tru.  Eg har fått med meg at Hjørundfjord bygdemobilisering gjer ein svært god innsats.  Mange planar er allereie under arbeid og ikkje minst har mobiliseringa si styringsgruppe vore flinke til å få tak i økonomiske midlar.

Ja, men no meiner fleire at Styringsgruppa har blitt alt for gjerrige.

Pengane må brukast, ja, men skikkeleg planlegging er svært viktig for å få mest mogleg att.  Eg må også få legge til at eg er imponert over det som de har fått til på Hjørundfjordportalen.  Denne portalen vil de få meir og meir glede av.  Eg er forresten sjølv ein ivrig brukar av hjorundfjord.no.

Kan du vere snill å gjenta det du sa til slutt med utheva bokstavar?

Eg er forresten sjølv ein ivrig brukar av hjorundfjord.no.  Stort sett er eg innom portalen kvar dag.

Kanskje vil du registrere deg som brukar også slik at du eventuelt kan kommentere/informere straks du les eit innlegg - eller eventuelt skrive eit innlegg sjølv?

Der har du eit poeng - eg vil registrere meg straks vi er ferdige her.

Til slutt - skjer det noko oppe hos dykk på Molde på bygdemobiliseringsfronten no?

Absolutt. Då du ringde var eg nett iferd med å ringje Rekkedal gjestehus.  Vi satsar nemleg på å få til ei samling no i slutten av september  - ei samling av medlemar frå dei fem bygdemobiliseringsprosjekta i fylket som no er i gang.  Det er viktig å utveksle erfaringar.

Takk.

Du skal sjølv ha takk.  Dette gler eg meg til.

---------------------------------------------------

P.s.:  I skrivande stund er kontaktperson Eivind Ryste ikkje registrert som brukar, men i løpet av morgondagen har nok det meste ordna seg.

d.s.