DSCN0905

M/S Hjørundfjord får illustrere mulegheitene vi alle har i Hjørundfjorden. hjorundfjord.no starta på null for nokre månader sidan. No vert vi leste av feire hundre. Til liks med M/S Hjørundfjord er vi avhengige av publikum sin respons. Kom med innspel og utspel - og vi lyttar.

Framsidebildet viser eit naust i Sandvika på Sæbø. Naustet er restaurert med bord frå ein robåt. Det viser tradisjonen og evna til å utvikle seg. Utan å gape for høgt, er det slik vi også tenkjer i hjorundfjord.no. Vi skal tenkje tradisjon og utvikling samstundes. Det er ei utfording, og då treng vi alle hjorundfjord.no sine lesarar og brukarar si hjelp.

Vi arbeider kontinuerleg med å utvikle portalen vidare. Tankane er mange, og nokre byrjar å konkretisere seg. Vi skal m.a. gje plass til personalia, det vil seie ei spalte der folk kan leggje inn helsingar til jubilantar, leggje inn minneord osb.  

Det er også slik at mest alt som er gjort på hjorundfjord.no til no er på dugnad. Skal vi utvikle portalen vidare, må det brukast pengar. Difor vil vi etter kvart kome med betalingstenester overfor næringslivet. Kort sagt vil det seie annonsar og kanskje tilbod om å lage til eigne heimesider underlagt portalen. Det vil vere eit tidkrevjande arbeid å lage eit system for dette, og truleg vil det ikkje kome noko slikt tilbod før årsskiftet. 

Skal hjorundfjord.no framleis vere interessant for lesarane våre, er vi klare over at vi heile tida må ha nyhende og artiklar som er ganske ferske. Då treng vi hjelp frå lesarane om tips. Kanskje vil også nokre av lesarane verte skribentar. Det er ganske enkelt. Det er berre å registrere seg som brukar, og då vil ein ha mulegheit til å leggje inn stoff.  

Vi ynskjer å engasjere heile Hjørundfjorden i arbeidet med hjorundfjord.no. Vi vedgår at det til no har vore ei overvekt av stoff frå Sæbø/Bondalen og Trandal. Då er det berre for folk i andre grendelag å hive seg rundt, og skrive om det som skjer. Terskelen er låg. Hugs at hjorundfjord.no er brukarstyrt, og at det faktisk er mykje opp til folket i Hjørundfjorden sjølve å avgjere kva profil portalen skal ha. 

Vidare ynskjer vi å engasjere ungdommen. Bruk portalen, få fram kva som rører seg hos ungdommen i fjorden. Ungdommen er fjorden sin viktigaste ressurs. 

Kom også med tips og tankar til oss, på e-post eller i kommentarspaltene under kvar artikkel og nyhende. Bruk elles litt tid på portalen. Leit deg rundt, og du vil finne bildegalleri, oversikt over lag og organisasjonar, historisk stoff på sogelaget og kulturvernlaget sine sider, du kan lese om bygdemobiliseringa, og ikkje minst aktivitetskalenderen. Skjer det noko i fjorden, ein konsert, eit stemne eller det som måtte vere, legg det inn på kalenderen. Det er gratis.