alba2

Denne staden i Syden har ei lang turisme-historie.

   - Kvar har du vore i ferien? 

   - Eg har vore i Syden i alle mine tre ferieveker. 

   - Kvar var du i Syden? 

   - Ein plass der det var nitten av tjueein moglege soldagar. Det var heilt herleg. 

   - Var det så bra at du vil reise tilbake dit. 

   - Ja. Det er kanskje ein av dei plassane i Syden der veret kan vere noko ustabilt. Men det var visst slikt ver både i 2001 og 2004. 

   - Var du berre på stranda, eller fann du andre ting å gjere på? 

   - Faktisk er dette ein plass i Syden der det er mange mulegheiter. Gjennomsnittstemperaturen var på tjuefem grader. Slik at det var mogleg å finne på aktivitetar utan å måtte tenkje på å vere nær badestranda heile tida. 

   - Var der noko kultur? 

   - Ja, massevis. Denne Syden-plassen har to kyrkjer, der det var konsertar. Med ein liten biltur på tjue minutt kunne ein også oppleve rockekonsertar og jazzkonsertar. Det var også kort veg til kunstutstillingar.  

CG

Dette Syden-området har eit rikt uteliv.

    - Kva med uteliv då? Skal eg i det heile tenkje på å gjere som deg, og reise til denne staden, då må eg ha mulegheit til å slå meg laus nokre kveldar. 

    - Denne staden i Syden har mykje uteliv. Det er fleire stader ein kan gå ut. Den eine plassen er heilt spesiell. Dit må du ha båt, og det er ei flott stemning der. På alle stadene kan ein sitje ute til langt på natt, berre i korterma. Ein annan stad føler du at du er tilbake på 1800-talet. 

    - Det høyrest veldig flott ut, men kva med kafeliv på dagtid. Er der stader du kan setje deg ned for ein kaffikopp. 

   - Ja, det også. Faktisk fleire stader. Ein stad er nyopna i år, og der var eg mest kvar dag i ferien. Der var det nytrekt kaffi, varme bollar og ein fin sørvis. 

   -  Når eg er på ferie, likar eg å lære historia til dei stadene eg vitjar. Har denne staden ei historie å formidle. 

   - Ja, heile området er unikt. Ein stad i dette området finn ein nokre av dei eldste bygningane dette landet har. Som så mange andre stader i Syden står også jordbruket sentralt, og dette kombinert med denne nære tilknytinga til sjøen har skapt ei rik historie. Naturen er dramatisk, og har også vore årsak til tragiske ulykker. Dette er det heilt spesielle minnesmerke over. Eigne naturlosar fører deg til desse stadene. Dette er også eit område med lang historie for turisme, og fleire av desse turiststadene har heilt unike byggverk. Eit hotell har husa det europeiske aristokratiet i eit hundreår. 

Bading2  

 Det vart bada i sommar.

- Du nemner naturen. Er det mogleg å utforske han? 

   - Som sagt, gjennomsnittstemperaturen i år då eg var der var tjuefem grader. Og med så mykje sol er det flott å vandre i landskapet der. Det spesielle er at ein kjem raskt frå sjøen til 1.600 meter over havet. Fjella er bratte, og på toppane er det flott utsyn. Der er også mange flotte dalføre for dei som ikkje likar altfor mykje luft under seg. I fleire av desse dalføra er det heilt spesielle bygningar som fortel om eit tidlegare landbruksmiljø som er heilt særmerkt. 

   - Dette høyrest heilt fantastisk ut. Det må jo vere ein stad som er overbefolka med turistar? 

   - Nei, det er det som er det rare. Sjølv med alle mulegheitene og tilboda dette området har for turistar, er det god plass. Ein slepp kø, for å seie det slik. 

   - Kva med kommunikasjonar. Er det vanskeleg å nå dit? 

   - Nei, området har faktisk to flyplassar i nærleiken. Den eine flyplassen er berre ein halvtime unna, og den andre to timar. Det er dessutan opna ei hurtigbåtrute til nærmaste by, og dit kjem ein på knappe timen. 

   - Kan dette vere eit utgangspunkt for andre turar til andre attraksjonar i nærleiken? 

   - Så absolutt. På dagsturar kan ein få med seg verdsarvområde og fantastiske havlandskap. Det er berre fantasien som gjev avgrensingar. 

   - Sjølv likar eg å drive idrett, og kan ikkje bruke heile ferien på å slappe av. Er der mulegheiter for sportsaktivitetar? 

   - Ja, mange. Ein av stadene i dette området har eit flott idrettsanlegg, der ein kan spele fotball, handball og basketball. I området er det  til dømes mogleg med paragliding. Er du frekk nok, kan du også spørje om å få leige båt til å drive med vass-ski. Denne Syden-staden er dessutan spesiell fordi han har vinter. Då er ski populært, og området har nokre av dei mest særmerkte nedfartane for ski i heile verda. 

   - Reint praktisk, kva med bankar, post og butikkar. Fleire stader eg har vore i Syden er det siesta og slike ting som gjer at eg ikkje får handla når eg vil? 

   - Det slepp du på den staden i Syden eg var. Der var det søndagsopne og seinopne butikkar. På den eine butikken var det postkontor. Der er også bank open om dagen og minibank elles. Slike tenester var det ikkje vanskeleg å nå. 

   - Du, dette er ein stad eg kan tenkje med å reise til. Kva var det staden heitte sa du? 

  - Det har eg ikkje sagt enno, men han heiter Hjørundfjorden i Noreg. 

DSCN1354

Syden er Hjørundfjorden i Noreg.