camping1

Det var høgt til værs campingfolket vart løfta for å tynne i tretoppane.

 

I tre dagar til endes har dugnaden halde på. Det var campingfolket sjølve som tlbaud seg å ta ein dugnad. Og innehavarane Gunnhild og Torbjørn Slettedal sa ja takk.

Det vart tinga lift og traktor, og først gjekk campingfolket laus på trea på sjølve campingplassen. Tretoppane vart fjerna, og det vart tynna i greinene.

Etterpå var det trea rundt campingplassen som fekk det. Mo grasbana vart trehøgda redusert vesentleg, slik at kveldssola lenger kan vere over plassen.

Veden fekk campingfolket ha sjølve, og det vert nok fleire tilhengjarlass med ved mot Ålesunds-distriktet dei komande vekene. Skatet vart køyrt vekk til KApteinskvia - til bål.

 

camping2

Jan Paulsen ber vekk skat.