Nordic Sky tek vinterpause

15. august var siste dagen med rutebåt i Hjørundfjorden i år. Reiarlaget CruiseService er godt nøgde med det første prøveråret, og lovar å kome attende med rutebåt også neste år. Ei evaluering til hausten vil avgjere om det vert same båten, eller ein større.

 

Positive til Flatneset

Flatnes Maskin AS hr fått pålagt å lage reguleringsplan for steinbrotet på Flatneset. Reguleringsplanen er ute til høyring, og både Bergvesenet og Møre og Romsdal fylke er positive til planen. Planen avgrensar kva område det kan drivast ut stein, og gjev dessutan føringar for tilbakeføring etter at steinbrotet er avslutta. I planen ligg det inne at delar av området skal brukast til hytteutbygging etter at steinbrotet er avslutta.

 

Glade for tomter på Sæbø

Opplysningsvesents fond (OVF) er svært glade for at Ørsta kommunestyre i bustabyggjeprogrammet har vedteke å regulere delar av prestemarka på Sæbø til bustader. OVF meiner kommunen ikkje må stoppe med reguleringa, men byggje ut infrastruktur (veg, vatn og kloakk), slik at feltet raskt vert utbyggingsklart. Det er OVF som er grunneigar.

 

Fotballen i gang att

Sæbø spelar onsdag sin første kamp i haustsesongen. Motstandar er Tjørvåg i Tjørvåg. Dette er ein toppkamp, og vinn Sæbø, kan haustsesongen verte løye. Sæbø stiller med fullt mannskap for første gong i år.

 

Helikoptersøknader

Ørsta kommune har teke i mot to søknader om landingsløyve for helikopter i haust. Den eine søknaden gjeld Commando Raid 2006, den store internasjonale ekstreme militærkonkurransen som skal vere på vestsida av Hjørundfjorden i haust. Arrangørane. NROF, må ha løyve til å bruke helikopter for å frakte utstyr til tevlinga.

Vidare har NRK søkt om landingsløyve i samband med ein dokumentarfilm om klatraren og eventyraren Cecilie Skog. NRK vil filme mykje i Molladalen og Jønshornet, eit område som gav Cecilie inspirasjon og lærdom til å utforske område som Mount Everest og Nordpolen.

 

Kjelde:Møre-Nytt