IMG_2612-2

Det er sjeldan Hjørundfjord kyrkje er så fullsett som då SKRUK kom inn.

 

 

Kyrkja var fullsett i god tid denne fine sommarkvelden og alle var svært forventningsfulle.Koret stilte med vel 40 medlemmar og kom inn fordelt i heile kyrkje det fyrste nummeret  og  gav oss ei fin oppleving ved å høyre desse stemmene. Vi visste at Hjørundfjordkyrkja er eit flott konsertlokale, men at det kunne lyde slik når det var berre stemmebruk, hadde nok dei fleste ikkje forstilt seg.

 

IMG_2618-2
SKRUK

 

Konserten var delt i to bolkar og repertoaret besto av gospel, klassisk og sakrale verk. Konserten vart leia av Per Oddvar Hildre og etter vel ein  time avslutta koret med ein Kyrie av Iver Kleive. Koret måtte innatt etter ein følelselada trampeklapp frå publikum.

IMG_2615 -2

IMG_2628-2

Per Oddvar Hildre leia koret som vanleg

IMG_2642-2

Ei takknemmeleg Eldbjørg Tvergrov takka koret og leiar Per Oddvar med ein fin blomsteroppsats på vegne av heile forsamlinga, for den fine opplevelsen vi hadde denne kvelden.

IMG_2647-2

Etter konserten selde SKRUK den nye CD`n sin utanfor kyrkja.

IMG_2648-2

Folk kosa seg utanfor kyrkja lenge denne fine sommarkvelden.

 

Vi takkar SKRUK og Hjørundfjord sokneråd som arrangør for konserten i kyrkja 

 

Foto:hjorundfjord.no (alle bileta kan klikkast på for å få fullformat)